Person / Aktør:
Hadia Tajik
Hadia Tajik
Parti: AP

Innlegg:
Sjølv om valresultatet for Arbeiderpartiet ikkje vart det me håpa på, er det likevel ein del å glede seg over: I Stavanger ligg det no an til skifte, på grunn av dyktige Kari Nessa Nordtun og laget hennar, i Namsos har knallsterke Arnhild Holstad klart å få oppslutningen om partiet opp! I Rogaland er erfarne Marianne Chesak i forhandlingar om å leie fylket, og slik kan me fortsette: Tonje Brenna kan leie eit raudgrønt Viken, Raymond Johansen leier Oslo i fire nye år, Rita Ottervik leier Trondheim, og Marianne Sivertsen Næss er fyrste valde kvinnelege ordførar i Hammerfest. Dette er berre nokre få av mange gode dømer! Det er knallsterkt av laget vårt. Dette er folk som vil sikre betre kår for vanlege folk i heile landet. Ein jobb å gå til, ei lønn å leve av og sterke lokal samfunn.

Postet:
2019-09-10 21:38:43