Person / Aktør:
Hadia Tajik
Hadia Tajik
Parti: AP

Innlegg:
Dei veit å gjere ting vanskeleg for folk som allereie har det vanskeleg, denne høyreregjeringa... No vil dei kutte i skjermingstillegget til uføre pensjonistar. Årsaka er at regjeringa sjølv ikkje har lukkast med å få fleire fullt ut arbeidsføre pensjonistar i jobb. Heller enn å gjere det lettare for seniorar å vere i arbeid, vil dei no kutte i pengane til dei som faktisk ikkje kan vere i arbeid! Dette er usosialt. Arbeiderpartiet sørga for at uføre pensjonistar fekk eit skjermingstillegg. Folk må få ein verdig alderdom, sjølv om dei har hatt uflaks tidlegare i livet og blitt uføre. Det er ikkje akkurat fyrste gong høyreregjeringa kutter hjå dei som allereie har lite: Dei har mellom anna fjerna barnetillegget til uføre, dei har i realiteten redusert bostøtta til uføre, og kutta i arbeidsavklaringspengane til folk som har redusert arbeidsevne. Kuttfesten tek visst aldri slutt så lenge Høyre og Fremskrittspartiet styrer.

Postet:
2019-09-17 14:04:35