Person / Aktør:
Hadia Tajik
Hadia Tajik
Parti: AP

Innlegg:
Regjeringa må kome til Stortinget for å forklare kva dei gjer for å få norske barn i Syria heim. Jeg er glad for at heile Stortinget i dag slutta seg til Ap sitt forslag om dette. I tillegg må dei fortelje kva som no er status for eit rettsoppgjer i regionen, og kva dei veit om grunnlaget for å pågripe og straffeforfølgje norske statsborgarar som har vore IS-krigarar. Dette framlegget har handla om å plassere ansvar der det høyrer heime, hjå regjeringa. Og å sikre at dei gjer alt som er trygt og tenleg å gjere for å hjelpe barn som er i livsfare. Sånn elles: I stortingsgruppa i dag har me gjort nokre endringar. Eg går til dømes over i finanskomiteen, medan erfarne Rigmor Aasrud overtek for meg i arbeids- og sosialkomiteen. I tillegg er Rogalandskollega Torstein Tvedt Solberg no Ap sin talsperson på utdanning, og Hege Haukeland Liadal er over i helsekomiteen. Eg ser fram til arbeidet. God fredag!

Postet:
2019-10-04 19:09:08