Beta
Søket ga 333 treff.

To blide karar på Sogn og Fjordane-benken klar for debatt: \n- Olve Grotle og Høgre har foreslått ein nullvisjon for omkomne fiskarar på havet som forpliktar oss i politisk arbeid vidare med å gjere det tryggare å ha sitt arbeid til sjøs. \n- Eg har fått oppgåva som saksordførar for saka i Næringskomiteen - og i dag sluttar eit samla Storting (alle ni parti) seg til Olve sitt initiativ og framlegget om ein nullvisjon for tap av liv i næringane til havs. \n\nFlott døme på konstruktivt samarbeid på tvers av partigrensene og mellom Storting og regjering - for fyrste gong...

Inspirerande møte med Akademikerne v/ leiar Lise Lyngsnes Randeberg på Stortinget i går - om framtidas arbeidsliv og betydninga av forsking, kunnskap og kompetanse. \n\nVi opplever no ein voldsom vekst i interessa for forsking og teknologiutvikling i norsk næringsliv. Det er gledeleg, men vil kreve auka prioritering av midlar til næringsretta forsking i åra framover.\n\nAkademikerne og deira medlemmer landet rundt har ei svært viktig rolle i den svære omstillinga av norsk næringsliv (og offentlig sektor) vi no skal gjennom - og Venstre og Akademikerne er heilt på linje i kva dette vil krevje av ny politikk. Ser fram til vidare...

5,6% i Dagsavisen/ANB si nye meiningamålimg i kveld - takk for støtten! Vi skal stå på vidare for ei betre verd - og eit større Venstre! 💚 Guri Melby Sveinung Rotevatn Abid Raja Venstre

Vil Regjeringa sin nye «Enger Mehl-doktrine» om å lytte mindre til ekspertar/ sentrale fagmiljø gjelde også i klimapolitikken? No ventar eg spent på svar frå Statsminister Støre

Russland sine krigsbrotsverk i Ukraina er dei verste Europa har opplevd sidan 1945. Venstre meiner sanksjonane mot Russland så langt ikkje har vore kraftige nok. Noreg må no umiddelbart slutte seg til stenging av hamner og andre forsterka sanksjonstiltak varsla av EU i dag. Sjå meir på

Høgre er eit konservativt parti. Men at dei er så konservative og "bakpå" at dei gjekk saman med Rødt, Senterpartiet og Ap i Stortinget for å stoppe innføring av gründer-visum i Noreg - det hadde eg ikkje trudd! \n\nNo må heile det store norske startup-miljøet og resten av næringslivet vente endå lenger på gjennomslag for å gjere det enklare for gründerar, investorar og arbeidstakarar med kompetanse norsk næringsliv treng å etablere seg i landet vårt. \n\nEin ting er i alle fall sikkert: Venstre vil halde fram kampen for gründervisum og eit opnare, meir «vennligsinna» Noreg for utanlandske gründarar og arbeidstakarar....

«Det er tiår der ingenting skjer, og veker der tiår skjer», sa Vladimir Lenin. Det er vanskeleg å unngå tanken på at det er nettopp ei slik tid i verdshistoria vi er inne i no. Ringverknadene av krigen i Ukraina er enorme (flyktningkrise, energikrise, mat- og råvarekrise etc) og vil endre Europa og verda – utan at vi enno overskuar omfanget. Samtidig må vi også må handtere ei klimakrise som blir sterkare dokumentert nær sagt månad for månad.\n\nMidt opp i alle dei dårlege nyhenda er det i alle fall godt å sjå ein ny, norsk helt stige fram: Lise Klaveness,...

Winston Churchill, 1948.\nVolodomyr Zeleneskyj, 2022.\n\nEin dag for historiebøkene i stortingssalen. Og ei meisterleg, rørande tale med krystallklar bodskap: Meir våpen og hardare sanksjonar: “The freedom should be no less armed than the tyranny” 💙💛

Når prisar og renter går opp, er det viktigare enn nokon gong å stoppe dei mektige matvarekjedene i å skvise ut varer og auke prisane. Både forbrukarar, bønder og andre matprodusentar treng ein fungerande marknad som gir reell konkurranse og mangfald i butikkhyllene. No tar vi i Venstre grep i Stortinget! Grunde Almeland

No har forbrukar-organisasjonar, huseigarane, energibransjen og miljørørsla gjort ein fantastisk jobb med å bli enige om ein ny modell for nettleige, som gjer at ENØK og lokal straumproduksjon lønner seg - og at vi fordeler straum-bruken jamnare utover døgnet. Då kan ikkje regjeringa vere dei som stoppar den nye modellen - no må vi kome vidare! Venstre støttar fullt ut jobben som no er gjort av 29 organisasjonar for ny nettleige-modell - og vil ta saka til Stortinget om ikkje regjeringa raskt skjer gjennom. Huseierne Energi Norge, Naturvernforbundet, NBBL, Distriktsenergi Norsk solenergiforening NAF

No har forbrukar-organisasjonar, huseigarane, energibransjen og miljørørsla gjort ein fantastisk jobb med å bli enige om ein ny modell for nettleige, som gjer at ENØK og lokal straumproduksjon lønner seg - og at vi fordeler straum-bruken jamnare utover døgnet. Då kan ikkje regjeringa vere dei som stoppar den nye modellen - no må vi kome vidare! Venstre støttar fullt ut jobben som no er gjort av 29 organisasjonar for ny nettleige-modell - og vil ta saka til Stortinget om ikkje regjeringa raskt skjer gjennom. Huseierne Energi Norge, Naturvernforbundet, NBBL, Distriktsenergi Norsk solenergiforening NAF

Det er mange år sidan eg sist var i Fredrikstad - og er overvelda over kor flott byen har blitt! Byfornying av høg klasse, masse spennande nye bedrifter i sentrum (vi besøkte bedriftskollektivet Blender Collective), gratis elvebåtar på Glomma og Litteraturhus som flott møteplass for kveldens møte i regi av Fredrikstad Venstre. Og torsdag er det premiere på Lange flate ballær 3!!

Fredagsrapport frå kjøkenbordet heime etter veke 11 på Stortinget: Endå ei veke der vi driv vår daglege dont som best vi kan medan krigen herjar i all sin gru i vårt eige nærområde – og vi vil oppleve den største flyktningestraumen i Europa på 80 år.\n \nI går var eg medforslagsstillar då Venstre leverte forslag i Stortinget til sju grep vi no bør ta for å hjelpe flyktningar på vei til og i Noreg, herunder å styrke mottakstenestene i kommunane, og å få på plass ein mottaksplan særleg retta inn mot born og unge. \n\nFor så mykje som halvparten av...

I dag utfordra eg Kommunalministeren i Stortinget om desentralisering av statlege arbeidsplassar og å gje statstilsette "flytterett til eigen jobb". Her kan du lese mitt opningsinnlegg i debatten! \n---\nOpningsinnlegg, Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V)\n\nPresident, to år med Covid-19-pandemi har endra arbeidslivet i Noreg meir og raskare enn nokon statleg reform, lov eller forskrift nokonsinne har gjort. \n\nI alle yrke som ikkje krev fysisk tilstadevere, er det no lettare og meir akseptabelt å frigjere seg frå det gamle, store kontorbygget der alle møter opp dagleg på kvart sitt cellekontor eller stua saman i opne kontorlandskap.\n\nIkkje slik å forstå at alle no vil...

Gi statstilsette flytterett til eigen jobb om dei vil leve livet sitt i distrikts-Norge! Med ny teknologi og nye samfunnstrendar har vi no tidenes moglegheit til å få ny fart på utflytting av statlege arbeidsplassar. Fredag 18. mars utfordrar eg og Venstre Regjeringa med interpellasjon i Stortinget om å setje fart i arbeidet med å desentralisere statlege arbeidsplassar. Du kan følgje debatten på Stortings-TV frå ca kl 1030!

Dumping av gruveavfall på botnen av fjordar er rett og slett ikkje noko vi kan drive med i 2022. No må Stortinget setje foten ned for ein praksis resten av verda har slutta med for lengst!

På ekspedisjon i Nordland med Næringskomiteen i Stortinget. Nydeleg dag på vakre Andøya, med sol og utsikt til ville fjell og blikkstilt hav. Besøk på Andøya Space As - eit norsk romfartseventyr som bokstaveleg talt held på å ta av som ein rakett. Vidare til Andfjord Salmon, som bygger ut landbasert oppdrett i stor skala. \n\nNo Sortland, der vi har besøkt Kystvakten og fått god info om det viktige arbeidet dei gjer for å sikre norske interesser, liv og havmiljø i norske farvatn. Mykje meir vidare på programmet. Kjekt å få innsikt i kor mykje spennande, ny næringsutvikling som skjer...

Kjapp fredagsrapport frå Stortinget– etter endå ei veke prega av at den grusomme krigen i Ukraina rullar vidare med alle ringverknader det har også for oss: Sanksjonar, hjelp og støtte til Ukraina, hjelp til folk på flukt, galopperande energiprisar, mulig matkrise etc.\n\nHar nettopp vore på TV2-nyhenda kl 21 med ein viktig bodskap frå oss i Venstre: No må vi starte jobben med å hente flyktningar til Noreg på ein organisert måte - vi kan ikkje berre sitje i ro og vente på EU. \n\nAlt tyder no på at krigen vil vare lenge. Det vil ha store følgjer for både Noreg...

Venstre og Rødt er ikkje alltid samde, men her er vi heilt på linje: Det er fullstendig håplaust at regjeringa vil "vente på EU" - i staden for å stenge norske hamner for russiske oligarkar straks. Medan Putin bombar ukrainske hamnebyar, seier Noreg velkomen til dei som finansierer krigen hans. Dette går rett og slett ikkje an.

Viktig og nødvendig initiativ frå Venstre (og Frp): Vi må bruke meir pengar på Forsvaret, og vi må raskt få på plass eit tverrpolitisk forlik om å styrke forsvaret av Noreg ut frå trugsmåla vi no ser. \n\nDen danske regjeringa har allereie kasta seg lynraskt rundt og samarbeidd med partia i det danske Folketinget om eit dansk forsvars-forlik. I Noreg høyrer vi på Stortinget ingenting frå vår regjering om eit tilsvarande politisk samarbeid, så no tek vi initiativet sjølve. Guri Melby

Laster...
Laster...