Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Fredagsrapport frå kjøkenbordet heime etter veke 11 på Stortinget: Endå ei veke der vi driv vår daglege dont som best vi kan medan krigen herjar i all sin gru i vårt eige nærområde – og vi vil oppleve den største flyktningestraumen i Europa på 80 år.\n \nI går var eg medforslagsstillar då Venstre leverte forslag i Stortinget til sju grep vi no bør ta for å hjelpe flyktningar på vei til og i Noreg, herunder å styrke mottakstenestene i kommunane, og å få på plass ein mottaksplan særleg retta inn mot born og unge. \n\nFor så mykje som halvparten av dei ukrainske flyktningane er born. Dei vil kome til små og store stader over heile Noreg i tida framover. Her skal dei kunne fortsetje barndomen sin, få ein så normal og god kvardag som mogleg og få hjelp til å handtere bagasjen dei har med seg med å ha opplevd krig på nært hald – og kanskje ein splitta familie der far er igjen for å slåst for landet deira. Det kjem til å kreve ein ekstra innsats av oss alle i tida framover – som eg trur vi er klare for.\n \nElles har eg vore mykje ute på reise: Tre dagers reise (søndag-tysdag) med Næringskomiteen i Vesterålen med mange spennande besøk og heilt nydeleg vêr. Eg har aldri vore i Vesterålen før, men vart bergteken av natur og landskap.\n \nOnsdag var eg på Lillehammer på årsmøtet til Innlandet Bondelag, for å bli oppdatert på og diskutere krisa landbruket no står i – med skyhøge prisar på gjødsel og andre innsatsfaktorar – rett før den mest kritiske tida på året for å «legge lista» for produksjon av korn og gras denne sommaren. Svært nyttig, og er allereie følgd opp av fellesforslag frå Venstre og MDG i Næringskomiteen som skal voterast over i Stortinget komande veke.\n\nTorsdag inviterte Venstre-sjef Guri Melby og eg til høyringsmøte med bedrifter og organisasjonar i helsenæringane om korleis vi kan få auka verdiskaping og utvikling i denne sterkt undervurderte delen av norsk næringsliv – og samtidig få opp tempoet i å ta i bruk nye medisinar, ny helseteknologi og nye løysingar i norsk helsevesen. Kjempestort engasjement, mange gode innspel, og ei sak Venstre no vil følgje opp i Stortinget og håpar å få mange andre parti med oss. \n\nFekk også ein update på den eventyrlege utviklinga for Lefdal Mine Datacentre heime i Nordfjord av dagleg leiar Jørn Skaane, som stakk innom Stortinget for ein kjapp kaffi. \n \nI dag har eg hatt interpellasjon i Stortinget om utflytting av statlege arbeidsplassar og det å gje tilsette i staten flytterett til eigen jobb – ei hjartesak for meg i mitt politiske virke. Eg trur dagens Kommunalminister Bjørn Arild Gram på hans gode intensjonar – men ingenting skjer av seg sjølv, og trykket må haldast oppe uansett regjering. Så han og resten av regjeringa vil bli «pusta i nakken» - og så skal dei få den rosen dei fortener viss resultata kjem..\n \nUansett: Godt å kome heim – rakk akkurat å svippe innom Operahuset Nordfjord og ei heilt uventa genial kulturoppleving: Teater valfag på Eid vidaregåande skule si framføring av Moliere sin 1600-talskomedie «Doktor mot sin vilje» (Le Médecin malgré lui). Gnistrande godt skodespel av ungdommane, forbløffande morsomt stykke med tanke på at det er over 350 år gammalt, og profft på kostymer, rekvisittar, lyd og lys pga det unike samarbeidet skulen har med Opera Nordfjord.\n \nEin fin inngang til helga – som også har spennande opplevingar i vente..

Postet:
2022-03-18 20:20:51

Delt innhold:
Bilete frå innlegget til Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre