Innlegg:
Kjapp fredagsrapport frå Stortinget– etter endå ei veke prega av at den grusomme krigen i Ukraina rullar vidare med alle ringverknader det har også for oss: Sanksjonar, hjelp og støtte til Ukraina, hjelp til folk på flukt, galopperande energiprisar, mulig matkrise etc.\n\nHar nettopp vore på TV2-nyhenda kl 21 med ein viktig bodskap frå oss i Venstre: No må vi starte jobben med å hente flyktningar til Noreg på ein organisert måte - vi kan ikkje berre sitje i ro og vente på EU. \n\nAlt tyder no på at krigen vil vare lenge. Det vil ha store følgjer for både Noreg og Europa. Og sjølv om det kanskje er å banne i kyrkja akkurat no: Nokre av dei følgjene er også av det gode. Vi får no ein mykje raskare overgang frå fossil energi til fornybar energi i heile Europa (og Noreg sit «på den grøne grein» uansett – vi kan levere også fornybar energi til Europa på same måte som vi no leverer olje og gass) – og vi vil få auka merksemd på matberedskap, eit sterkt forsvar og anna samfunnsberedskap her heime.\n\nOg ikkje minst: Vi vil få eit Europa som samarbeider endå tettare. Drøymerier om å seie opp EØS-avtalen og «vere oss sjølv nok» trur eg blir mindre aktuelle debattar i framtida. Eg er også glad for at SV no opnar for å snu i sitt syn på NATO (men har respekt for at dei treng ein grundig prosess i ei sak det er knytt sterke kjensler til med SV si partihistorie – det skal ikkje haldast imot dei).\n\nFor min del har dette vore ei veke der mykje tid har gått med til å utvikle og legge fram ny politikk: Eg har vore medforslagsstillar for Venstre på ikkje mindre enn fire såkalla «Dokument 8-forslag» lagt fram i Stortinget denne veka:\n\n1. Om nye tiltak for energisparing og meir fornybar energi (mellom anna gjennom å bruke meir energi frå sjøen til oppvarming i staden for elektrisitet i byar og tettstader over heile landet, slik vi gjer m a med bruk av Fjordvarme på Nordfjordeid)\n\n2. Om å legge til rette for å få flyktningar frå Ukraina raskt i arbeid (mellom anna inspirert av «Gloppen-modellen» som vi har utvikla over mange år i Nordfjord)\n\n3. Om å stanse dumping av gruveavfall i sjø (felles forslag med SV, MdG og Rødt)\n\n4. Om å innføre røysterett for 16-åringar ved lokalval (ført i pennen av Venstre-supervara på Stortinget Sofie Høgestøl\n\nI går (torsdag) gjekk turen til eitt av landets største og viktigaste forsvars-knutepunkt: Målselv/Bardufoss i Troms, på invitasjon frå Målselv Venstre. Vi besøkte gründer-miljø i Målselv, og fekk oss ein flott tur opp til Målselv Fjellandsby, ei stor og imponerande skisenter- og hytteutbygging som har lagt igjen enormt mykje arbeid, verdiskaping og arbeidsplassar i regionen over mange år – og betyr mykje for trivsel og bulyst for både Midt-Troms og Tromsø.\n\nOm kvelden hadde vi ope møte på Bardufoss Hotell med distriktsutvikling og bulyst som tema – solid frammøte og rett og slett ein skikkeleg god idé-dugnad frå ei ivrig forsamling av lokale Venstre-folk og andre interesserte. Ekstra kjekt å få møte att ein av dei verkelege heidersmennene i Venstre som enno er still going strong: 82 år gamle Vidkunn Haugli, tidlegare ordførar og varaordførar for Venstre i Målselv i ein mannsalder og med ei uendeleg rekke av tillitsverv i idretts- og kulturliv bak seg (Vidkunn er også militær Norgesmeister på 400 meter løp tilbake i 1961!). Vidkunn er ein klok og reflektert kar som er fullt oppdatert både på nasjonal og internasjonal politikk, og gler seg over å sjå at Venstre med Guri som partileiar no løftar opp att utanriks- og forsvarspolitikk som viktige saker for partiet vårt.\n\nMen no er sikkert folk leie av å lese, så la meg berre ta nokre få andre ting heilt kort oppsummert om kva eg har bedrive tida med utover å sove i pendlarleilegheita:\n\n* Møte med Norges Rederiforbund om Ukraina-krisa\n\n* Gjest i Finansavisen TV om situasjonen for småbedriftene etter korona, saman med Jørund Henning Rytman i SMB Norge\n\n* Digitale møte for Sogn og Fjordane-benken med Sjømannskirken og Vestland Bondelag (..kvar for seg, altså, vi tok ikkje sjansen på å blande dei..)\n\n* Årsmøte Sogn og Fjordane Elbilforening (digitalt)\n\n* Debatt på konferanse i regi av SMB Norge – om status for næringslivet to år etter korona\n\n* Spørsmål i spørjetimen på Stortinget om psykisk helsehjelp til flyktningar frå Ukraina om krigstraumer, og om bruk av «Landbrukets klimakalkulator» for å få kontroll på klimakutt i landbruket\n\n* Har stilt to nye skriftlege spørsmål til regjeringa – om «utsleppsrekneskap» for klimautslepp ved norsk eksport og import, og om akutthjelp til næringslivet med høge straumprisar.\n\nNo ein rask tur heim før turen går til Nord-Noreg på nytt: Søndag reiser heile Næringskomiteen på Stortinget til Nordland for å besøke Andøya, Sortland og Hadsel – gler meg til å bli betre kjent med ein ny del av Noreg for min del!
Postet:
2022-03-11 21:30:34