Innlegg:
På ekspedisjon i Nordland med Næringskomiteen i Stortinget. Nydeleg dag på vakre Andøya, med sol og utsikt til ville fjell og blikkstilt hav. Besøk på Andøya Space As - eit norsk romfartseventyr som bokstaveleg talt held på å ta av som ein rakett. Vidare til Andfjord Salmon, som bygger ut landbasert oppdrett i stor skala. \n\nNo Sortland, der vi har besøkt Kystvakten og fått god info om det viktige arbeidet dei gjer for å sikre norske interesser, liv og havmiljø i norske farvatn. Mykje meir vidare på programmet. Kjekt å få innsikt i kor mykje spennande, ny næringsutvikling som skjer i det langstrakte kystfylket i nord!
Postet:
2022-03-14 16:41:48