Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre

Parti: V

Innlegg:
I dag utfordra eg Kommunalministeren i Stortinget om desentralisering av statlege arbeidsplassar og å gje statstilsette "flytterett til eigen jobb". Her kan du lese mitt opningsinnlegg i debatten! \n---\nOpningsinnlegg, Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V)\n\nPresident, to år med Covid-19-pandemi har endra arbeidslivet i Noreg meir og raskare enn nokon statleg reform, lov eller forskrift nokonsinne har gjort. \n\nI alle yrke som ikkje krev fysisk tilstadevere, er det no lettare og meir akseptabelt å frigjere seg frå det gamle, store kontorbygget der alle møter opp dagleg på kvart sitt cellekontor eller stua saman i opne kontorlandskap.\n\nIkkje slik å forstå at alle no vil sitje på eit evig heimekontor – slik mange opplevde i koronatida. Men dei aller fleste vil heller ikkje attende til den gamle arbeidskvardagen, til dei evige daglege pendlarreisene i rushtida inn til byen om morgonen – det systemet vi også har dimensjonert veg- og banesystemet rundt byane for til svimlande kostnader. \n\nNei, no vil folk ha meir fridom og fleksibilitet. Fridom til å leve sitt gode liv – fleksibilitet til å finne sine løysingar for ein god kvardag – og ein arbeidsgivar som legg til rette for det gjennom nye former for jobb-fellesskap og trygge rammer for ein god arbeidskvardag. \n\nPresident, denne revolusjonen i arbeidslivet opnar opp fantastiske moglegheiter for distrikts-Noreg. Næringslivet har allereie kasta seg rundt. Store bedrifter, startup- og gründer-selskap legg no til rette for at dei kan ha tilsette som bur over heile landet. Dei vil ha dei beste folka, uansett om dei bur på Stovner eller i Stryn. Eller kanskje halve året på kvar stad. \n\nJa, næringslivet ordnar seg no med desentraliserte, mindre lokalavdelingar. Gjerne samlokalisert med andre i nye, kreative og svært varierte former for jobbfellesskap, på små og store stader landet rundt. Med ein bedriftskultur heilt frå toppen av som seier at det er slik vi ønskjer det. Dei som jobbar desentralisert er ikkje «utskot», men ein sjølvsagt del av fellesskapet. \n\nSå langt i å gje sine tilsette fridom og tillit er ikkje staten komen. Den same staten som i store ord snakkar om ein aktiv distriktspolitikk, som sit på faglege utgreiingar som dokumenterer kor viktig desentralisering av statlege arbeidsplassar er for å lukkast med framtidas næringspolitikk, er kraftig bakpå. \n\nDei fleste statlege etatar har ingen strategi for å la sine tilsette arbeide desentralisert. Staten har ingen plan for å legge til rette for å skape gode, fleksible felles arbeidsmiljø for statleg tilsette rundt i distrikts-Noreg – utover dei fire pilotane med «Statens Hus i distrikts-Noreg» som den førre regjeringa starta opp, og som enno - kryss i taket og bank i bordet - står på lista over reformer den nye regjeringa ikkje har stoppa eller reversert. \n\nDerimot har den nye regjeringa fjerna midlane førre regjering sette av til å gjere det lettare for statlege etatar å å leige plass for sine tilsette i felles arbeidsmiljø i distrikts-Noreg. Det var i følgje Kommunaldepartementet unødvendige midlar – fordi «marknaden tar seg av dette sjølv». \n\nDet er ein påstand som syner ein urovekkande avstand mellom verda slik ein trur ho er i ein departementskorridor i Oslo, og korleis ho verkeleg er for ein statleg tilsett «på golvet» med draum om å flytte til ein stad i distrikts-Noreg og ta jobben med seg. \n\nPresident, å få store statlege etatar til å desentralisere si eiga verksemd heilt av seg sjølv - det er like tungt som å flytte ein kyrkjegard ved å overlate jobben til dei som ligg der. \n\nI begge tilfelle må det krefter utanfrå til. I vårt tilfelle tydeleg politisk styring frå toppen – frå regjering og storting. \n\nKanskje bør kvar sentrale statsetat, direktorat og tilsyn no få eit måltal om at til dømes ein tredjedel av jobbane innan 2024 skal vere tilrettelagt for fjern-jobbing og lysast ut som «Remote-jobb» med arbeidsstad over heile landet – med tilbod om «påkobling» til eit lokalt statens hus eller annan type jobbfellesskap i kvar bu- og arbeidsmarknadsregion?\n\nKanskje bør staten - slik Initiativ Vest har foreslått - gi ein flyttegaranti for jobb nr to dersom eit ungt par vil flytte frå ein storby til distrikts-Noreg fordi ein av dei får muligheten av ein privat arbeidsgjevar – og partnaren jobbar i staten? Slik at kvar enkelt unge arbeidstakar slepp å gå kanossa-gang til sin sjef og håpe på velvilje og almisser – men i staden har retten på si side.\n\nPresident, no hastar det. No skyt det nye Noreg fart – med eit meir fleksibelt arbeidsliv som legg til rette for at flinke folk kan bu over heile landet. Det skjer her – det skjer no. No må alle statlege etatar få klar marsjordre om at det å la tilsette få lov å «ta jobben med seg ut» til eit nytt liv i distrikts-Noreg – det er ønska, det er bra, det er noko staten som arbeidsgivar skal legge til rette for. \n\nFor moderne distriktspolitikk handlar om å gripe sjansane ei ny tid gir oss - ikkje om å bruke energien på å reversere og drøyme om fortida. Det er det denne interpellasjonen handlar om. Eg ser fram til statsråden sitt svar, og debatten vi skal ha vidare her i dag.

Postet:
2022-03-18 17:43:28

Delt innhold: