Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Høgre er eit konservativt parti. Men at dei er så konservative og "bakpå" at dei gjekk saman med Rødt, Senterpartiet og Ap i Stortinget for å stoppe innføring av gründer-visum i Noreg - det hadde eg ikkje trudd! \n\nNo må heile det store norske startup-miljøet og resten av næringslivet vente endå lenger på gjennomslag for å gjere det enklare for gründerar, investorar og arbeidstakarar med kompetanse norsk næringsliv treng å etablere seg i landet vårt. \n\nEin ting er i alle fall sikkert: Venstre vil halde fram kampen for gründervisum og eit opnare, meir «vennligsinna» Noreg for utanlandske gründarar og arbeidstakarar. Det hastar om vi skal lukkast med omstillinga av norsk næringsliv, og skape nye vekstnæringar etter oljen. Då har vi ikkje tid å vente på det konservative, baktunge Høgre. Då er det progressive, liberale krefter som må gjere jobben - og presse dei andre med etterkvart.

Postet:
2022-04-04 09:37:25

Delt innhold:
Høyre og Arbeiderpartiet gikk sammen om å stoppe nytt gründervisum: «Det er ikke all verdens krav som stilles»
Stortinget stemte ned forslaget om et visum som kunne gjøre det lettere for utlendinger å etablere seg som gründere og investorer i Norge.