Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
«Det er tiår der ingenting skjer, og veker der tiår skjer», sa Vladimir Lenin. Det er vanskeleg å unngå tanken på at det er nettopp ei slik tid i verdshistoria vi er inne i no. Ringverknadene av krigen i Ukraina er enorme (flyktningkrise, energikrise, mat- og råvarekrise etc) og vil endre Europa og verda – utan at vi enno overskuar omfanget. Samtidig må vi også må handtere ei klimakrise som blir sterkare dokumentert nær sagt månad for månad.\n\nMidt opp i alle dei dårlege nyhenda er det i alle fall godt å sjå ein ny, norsk helt stige fram: Lise Klaveness, som talte FIFA-fiffen og sjeikane i Quatar midt i mot i si rolle som nyvald fotballpresident – og omsider tok bladet frå munnen og ikkje lefla lenger med ein råtten global toppidrettskultur som leflar med korrupsjon og brot på menneskerettar. Så tøffe bør også norske politikarar vere – anten vi snakkar om Russland, Kina, Quatar eller andre diktatur som står i vegen for fridom, demokrati og ein liberal verdsorden.\n\nUansett: Her er ein lynkjapp rapport om noko av det eg har gjort på Stortinget dei to siste vekene (..rakk ikkje å skrive vekerapport sist fredag..) – mykje meir kunne også ha vore med..:\n\n- Frukostmøte med Norges Bondelag (i Oslo) om det komande landbruksoppgjeret – deltaking i debattpanel (Venstre, Ap og SV) og god fagleg oppdatering\n\n- Bedriftsbesøk og ope møte i Fredrikstad, med Fredrikstad Venstre\n\n- Bli kjent-møte med Norges Råfisklag\n\n- Medlemsmøte (digitalt) i Vestland Venstre\n\n- Deltaking i debatt på Eksportkonferansen om nærings- og eksportpolitikk (debattpanel Venstre, Høgre og Ap)\n\n- Årskonferanse i Norges Rederiforbund – deltaking i debattpanel om korleis vi skal få fart på grøn omstilling i norsk maritim næring\n\n- Bedriftsbesøk i Oslo med Møller Medvind og Vaaghals for å lære meir om integrering/ inkludering i arbeidslivet og korleis serverings- og utelivsbransjen kan byggast opp igjen etter koronaen\n\n- Medlemsmøte i Skien Venstre\n\n- Deltaking på Spekterkonferansen\n\n- Debattar i Stortinget om m a Venstre sine framlegg om grundervisum og sosiale rettar for sjølvstendig næringsdrivande\n\n- Frukostmøte i Oslo Business Forum – innlegg og debatt om korleis vi betre kan legge til rette for at utlendingar med kompetanse norsk næringsliv treng kan få arbeide, bu og finne seg til rette i Noreg\n\n- Møte mellom Sogn og Fjordane Næringsråd og SFj-benken på Stortinget\n\n- Møte med Rørosmeieriet om å legge betre til rette for økologisk landbruk i Noreg\n\n- Medlemsmøte i Nesodden Venstre\n\n- Møte med Abelia/FIN, det norske Katapult-miljøet og katapult-noden på Stord\n\n- Omvisingar på Stortinget med Stryn vidaregåande skule og Eid ungdomsskule \n\n- Skrive og levere inn grunngjevne spørsmål om m a fornying av renseanlegg for vatn og avløp, lokal styring av marine verneområde, ny modell for nettleige, pengebruk og auka byråkrati ved å opprette sju nye fylkeskommuner, fortgang i planane om ny returtre-fabrikk i Innlandet (Forestia) og krisa i bygge- og anleggsnæringa\n\n- Vore medforslagsstillar på representantforslag om meir mangfald i dagligvaremarknaden, betre personvern på sosiale media, innføring av lobbyregister og meir vern av natur \n\n- Og så siste halvanna døgnet: Strategisamling med Venstre si stortingsgruppe og sentralstyre med meir på Sola i Rogaland – ei intens arbeidssamling med ein gjeng uvanleg flotte folk – som eg er stolt og glad over å få vere ein del av i minst 3 ½ år til.\n\nNo er det helg, og ein aldri så liten miniferie vekk frå det bankande køyret dette livet er: God helg, alle saman!

Postet:
2022-04-01 21:41:23

Delt innhold:
Bilete frå innlegget til Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre