Beta
Søket ga 333 treff.

No skal det bli lettare å handle grønt og kjøpe brukt i offentleg sektor! Ei lita gladhistorie frå kvardagslivet på Stortinget, som syner kva som er mulig når det kjem gode initiativ nedanfrå – og ein statsråd tar affære når han blir utfordra.\n\nI januar i år vart eg spurt av Miljøstiftelsen ZERO om å vere mentor i «Zeroakademiet», for ei gruppe unge miljøengasjerte folk som er ferske i yrkeslivet og brenn for klima, miljø og nye grøne løysingar. \n\nDen gruppa eg får lov å vere mentor for, er tre fantastiske flinke og «sjølvgåande» folk: Audun Lønmo Knudsrød (Sandvik Coromant, Trondheim),...

Noreg har mål om å hente ut 2,8% av EU si store, nye forskingssatsing "Horisont Europa" - i ei tid der forsking, innovasjon og ny kunnskap er viktigare enn nokonsinne. Korleis skal dette skje når regjeringa no gjer forsking til kuttområde nr 1 på statsbudsjettet? Eg har stilt spørsmål om det til regjeringa i dag \n

Venstre vil ha lobbyregister og meir openheit på Stortinget: Ap, Høgre, FrP og Sp seier nei. No må hemmeleghaldet ta slutt - her er dei store makt-partia heilt ute av kurs med tida vi lever i! \n\n

Russen i huset klar for siste innspurt! God 16. mai-natt til alle Russ 22 🇳🇴🇳🇴

For ei strålande oppleving å vere med på Bygdepride-parade i Volda i dag - ein folkefest av dei sjeldne med tusenvis av frammøtte og regnbogeflagg overalt! \n\nVolda Venstre stilte sjølvsagt opp i paraden - og saman med Venstre-ordførar Lena Landsverk Sande i Vanylven, Venstre-varaordførar Torstein Tvinnereim i Stryn og meg sjølv hadde vi ein flott dag i både sol og regn - for å markere at også på bygda er alle frie og like mykje verdt!

Vi klarte det: Venstre-gjennomslag for meir mangfald og mindre kjedemakt i daglegvarehandelen!\n\nHeile opposisjonen har samla seg om Venstre og SV sine forslag for å gjere det billigare og betre å vere forbrukar - og at det skal bli lettare for små og uavhengige matleverandørar og for dei som produserer maten vår. \n\nTakk til Høgre, Frp, Rødt, MDG og SV for godt samarbeid - så tippar eg vi får også Ap og Sp med når saka skal bankast i Stortinget om to veker.

Regjeringa sitt ja til dumping av gruveavfall i Førdefjorden høyrer til i fortida, ikkje i den grøne framtida. Vi kan ikkje slå oss til ro med dagens vedtak - kampen for Førdefjorden må halde fram!

- Eit historielaust, kunnskapslaust og trist forslag frå Høgre: Naturen er under sterkare press enn nokonsinne - varig vern av våre siste gjenverande vassdrag er ikkje noko ein kan "leike med" når det passar seg slik. \n\nDet er rikeleg med rom til å auke kraftproduksjonen i allereie eksisterande vasskraftverk. Høgre bommar totalt når dei no vil gå til angrep på våre siste verna elver. Les meir her NRK Vestland Håvard Nyhus\n\n

- Eit historielaust, kunnskapslaust og trist forslag frå Høgre: Naturen er under sterkare press enn nokonsinne - varig vern av våre siste gjenverande vassdrag er ikkje noko ein kan "leike med" når det passar seg slik. \n\nDet er rikeleg med rom til å auke kraftproduksjonen i allereie eksisterande vasskraftverk. Høgre bommar totalt når dei no vil gå til angrep på våre siste verna elver. Les meir her NRK Vestland Håvard Nyhus\n\n

Klar for ein lang dag i Stortingssalen - i dag skal Stortinget mellom anna røyste over dette framlegget

Ferdig med tre tettpakka dagar i Brussel: To dagar saman med Stortingets næringskomité, og ein «bonusdag» på eiga hand for å få innsikt i dei enorme samfunnsendringane som no skjer i Europa, med EU som drivkraft: Grøn omstilling (meir radikal i omfang og tempo enn eg trur dei fleste har tatt inn over seg), lynraskt energiskifte vekk frå russisk gass/olje, eit meir samla EU enn nokonsinne som står opp mot Russlands angrepskrig i Ukraina og eit meir motstansdyktig Europa mot kriser – anten vi snakkar pandemi, krig eller andre trugsmål.\n\nNæringskomiteen møtte den norske EU-ambassadøren, vi fekk oppdatert innsikt frå våre...

Oslo-Hallingdal-Aurland-Voss-Hemsedal-Førde/Sunnfjord-Askvoll: Slik var reiseruta for Venstre-leiar Guri Melby og meg denne veka, for å møte små og store jobbskaparar i det mangfaldige næringslivet folk lever av rundt om i Noreg og besøke lokale Venstre-lag.\n\nVi har møtt gründerar i Hallingdal som bygger fellesskap på tvers av kommunegrenser, vore ute på Førdefjorden med fiskarar og havbrukarar som er uroa for ureining av fjorden med gruveavfall, besøkt og snakka med bønder og andre med tilknyting til landbruket i ei kritisk tid (alle vi har møtt er tydelege på at vi i tillegg til sterkare satsing treng ei ny retning i landbrukspolitikken meir bygd...

Jordbruksoppgjeret må gje bøndene kostnadskompensasjon og ei reell lønsauke - og vere starten på ei omlegging av norsk landbrukspolitikk i meir berekraftig retning. Ja til landbruket som ei grøn framtidsnæring!

No må skulehagen få sin renessanse: Born over heile landet må få lære å dyrke mat! Les meir om Nordfjordeid skule sitt flotte initiativ her. Venstre-kollega Abid Raja og eg har latt oss inspirere, og vil no løfte skulehage-saka nasjonalt

Lunsj-møte med Ukraina-krigen i fokus på Høgskulen på Vestlandet HVL, campus Førde i dag. Eg heldt apell om krigen sett i eit globalt ressursperspektiv – og snakka m a om korleis kampen for fred, demokrati og berekraft no «smeltar saman» i betydinga av raskast mogleg overgang frå fossil til fornybar økonomi – og betydninga av at Europa står saman om dette.\n\nArne Nordgulen snakka om sine røynsler med å vere sjukepleiar i krigs- og katastrofeområde – og stå i beinharde dilemma for å berge liv medan bombene fell rundt deg.\n\nOg ikkje minst: Vi fekk ein uforgløymeleg mini-konsert med den ukrainske pianisten...

Digitalt landsstyremøte i Venstre på utekontor - 1000 gongar betre enn eit mørkt møterom ein så fin vårdag i Nordfjord! \n\nHer er mitt innlegg i den generelle politiske debatten, som oppfølging av Venstre-leiar Guri Melby si fabelaktige tale om Ukraina og den nye verdssituasjonen:\n\n--- \nInnlegg i generell politisk debatt i Venstres landsstyre 22. april 2022 (Alfred)\n\nI 1995 vart tidlegare statsminister i Storbritannia, Margareth Thatcher, stilt følgjande spørsmål i eit intervju på svensk TV: - What do you think of Sweden during World War 2?\n\n- Sweden was neutral, svarte Thatcher.\n\n- What do you think about neutral?, følgde intervjuaren opp.\n\nThatcher sitt svar:...

Ja til lågare restaurant-moms! Det må vere lov å seie at det er "hol i hovudet" med dobbelt så høg moms på mat du et inne på ein kafe/restaurant i lag med andre, enn på mat du tar med deg heim og et åleine. Venstre støttar serveringsbransjen og vil rydde opp i dette. Vi vil ha lågare restaurantmoms! \nVi har støtte frå Frp, Rødt og MDG. Dessverre gjer Høgre felles sak med Ap/Sp og deira støtteparti SV, og seier så langt nei til å be regjeringa greie ut lavare restaurantmoms. \nMen voteringa i Stortinget er først på tysdag: Kanskje er...

I dag er det 50 år sidan homofili vart avkriminalisert i Noreg: «Homoparagrafen» i norsk lov vart oppheva 21. april 1972.\n \nDet var eit historisk gjennnombrot for fridom og for eit meir mangfaldig samfunn, der folk blir behandla som folk uansett seksuell legning. \n \nMen vi er enno ikkje i mål. Enno veit vi at homofile opplever meir hets, truslar og vald, og slit meir med psykiske helseutfordringar. Enno er det ikkje alle lokalsamfunn der det er like lett å skilje seg ut frå fleirtalet.\n\nFor Venstre er aksept og fridom for alle legningar sjølvsagt. Og fridom betyr ikkje berre fridom...

Ny rekord i norsk import frå Russland i mars - samtidig som den russiske krigsmaskina bombar i stykker Ukraina. Dette kan ikkje halde fram!

Ein glitrande VG-kronikk i dag frå min gruppekollega Ingvild Wetrhus Thorsvik - Venstre - fagfolka ropar ut på vegne av dei mest sårbare gruppene i samfunnet, ikkje på vegne av seg sjølv. Her leikar Senterpartiet med elden.

Laster...
Laster...