Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V
Innlegg:
No skal det bli lettare å handle grønt og kjøpe brukt i offentleg sektor! Ei lita gladhistorie frå kvardagslivet på Stortinget, som syner kva som er mulig når det kjem gode initiativ nedanfrå – og ein statsråd tar affære når han blir utfordra.\n\nI januar i år vart eg spurt av Miljøstiftelsen ZERO om å vere mentor i «Zeroakademiet», for ei gruppe unge miljøengasjerte folk som er ferske i yrkeslivet og brenn for klima, miljø og nye grøne løysingar. \n\nDen gruppa eg får lov å vere mentor for, er tre fantastiske flinke og «sjølvgåande» folk: Audun Lønmo Knudsrød (Sandvik Coromant, Trondheim), Frida-Marie Andestad Elstad (Viken fylkeskommune) og Sophie Seehuus Berg (Volue, Trondheim).\n\nDei har i sitt prosjekt blinka ut eit spennande tema: Kva som skal til for å få meir gjenbruk av møblar når bedrifter eller offentlege etatar skal bygge nytt eller pusse opp. \n\nSom del av vårt samarbeid, ba dei meg stille eit spørsmål til Næringsminister Jan Christian Vestre, som er ansvarleg statsråd for offentlege anskaffelsar, om nettopp dette. Spørsmålet eg stilte, var som følger:\n\n«I kva grad legg statlege innkjøpsavtaler og innkjøpsregelverk til rette for gjenbruk av møblar som alternativ til å kjøpe nye møblar i statlege nybygg og rehabiliteringsprosjekt, og kan det ev. gjerast endringar i statleg regelverk/innkjøpsrutiner for å legge til rette for meir gjenbruk av møblar/oppgradering av eksisterande møblar som alternativ til å kjøpe nye?»\n\nNår eg som stortingsrepresentant stiller eit slikt spørsmål, skal statsråden normalt svare innan 8 dagar. Denne gongen kom det beskjed etter seks dagar om at Næringsminister Vestre gjerne ville ha litt meir tid på seg, fordi det var «ting han gjerne ville gå nærare inn i». Det var sjølvsagt heilt ok, og då svaret til slutt kom – var det befriande direkte og konsist:\n\n«Dagens regelverk og rettleiing er ikkje godt nok, og kan bli betre. Etter mi oppfatning kan reglane i enda større grad leggje til rette for og motivere offentlege oppdragsgivarar til å fremme klima- og miljøomsyn, medrekna sirkulære løysingar. Derfor vil regjeringa endre regelverk og praksis for offentlege innkjøp slik at dei støttar viktige mål, ikkje minst berekraft.»\n\nEg kan ikkje vere meir enig med Næringsministeren – og denne gongen skal han verkeleg få honnør for handlekraft og initiativ! \n\nMen mest av alt honnør til Audun, Frida-Marie og Sophie – som med sitt klimaengasjement allereie heilt i starten av si yrkeskarriere har vore med å pushe Noreg framover på klima og miljø!
Postet:
2022-05-23 21:36:53
Delt innhold: