Innlegg:
I dag er det 50 år sidan homofili vart avkriminalisert i Noreg: «Homoparagrafen» i norsk lov vart oppheva 21. april 1972.\n \nDet var eit historisk gjennnombrot for fridom og for eit meir mangfaldig samfunn, der folk blir behandla som folk uansett seksuell legning. \n \nMen vi er enno ikkje i mål. Enno veit vi at homofile opplever meir hets, truslar og vald, og slit meir med psykiske helseutfordringar. Enno er det ikkje alle lokalsamfunn der det er like lett å skilje seg ut frå fleirtalet.\n\nFor Venstre er aksept og fridom for alle legningar sjølvsagt. Og fridom betyr ikkje berre fridom FRÅ diskriminering, hat og vold – men også fridom TIL å leve akkurat det livet du sjølv ønskjer. Til å vere deg sjølv, elske den du vil og leve fritt.\n\nHurra for 50 år som lovleg! La oss bruke framtida til å lage ein endå meir likestilt og fri kvardag for alle – i Noreg og heile verda.
Postet:
2022-04-21 09:55:01