Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Lunsj-møte med Ukraina-krigen i fokus på Høgskulen på Vestlandet HVL, campus Førde i dag. Eg heldt apell om krigen sett i eit globalt ressursperspektiv – og snakka m a om korleis kampen for fred, demokrati og berekraft no «smeltar saman» i betydinga av raskast mogleg overgang frå fossil til fornybar økonomi – og betydninga av at Europa står saman om dette.\n\nArne Nordgulen snakka om sine røynsler med å vere sjukepleiar i krigs- og katastrofeområde – og stå i beinharde dilemma for å berge liv medan bombene fell rundt deg.\n\nOg ikkje minst: Vi fekk ein uforgløymeleg mini-konsert med den ukrainske pianisten Volodymyr Solianyk – ein av dei leiande jazz-pianistane i Ukraina, som måtte flykte for livet og no er busett i Sogndal i påvente av å kunne reise heim til landet sitt. \n\nVolodymyr sa meir gjennom musikk enn eg trur Arne og eg klarte med ord – ei sterk oppleving å vere vitne til. Takk til Høgskulen på Vestlandet for flott arrangement!

Postet:
2022-04-25 14:35:42

Delt innhold:
Bilete frå innlegget til Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre