Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre

Parti: V

Innlegg:
Digitalt landsstyremøte i Venstre på utekontor - 1000 gongar betre enn eit mørkt møterom ein så fin vårdag i Nordfjord! \n\nHer er mitt innlegg i den generelle politiske debatten, som oppfølging av Venstre-leiar Guri Melby si fabelaktige tale om Ukraina og den nye verdssituasjonen:\n\n--- \nInnlegg i generell politisk debatt i Venstres landsstyre 22. april 2022 (Alfred)\n\nI 1995 vart tidlegare statsminister i Storbritannia, Margareth Thatcher, stilt følgjande spørsmål i eit intervju på svensk TV: - What do you think of Sweden during World War 2?\n\n- Sweden was neutral, svarte Thatcher.\n\n- What do you think about neutral?, følgde intervjuaren opp.\n\nThatcher sitt svar: - I think that if people were neutral against Hitler, Hitler would have won. \n\nKjære landsstyre, i 2022 er vi på nytt i ei lagnadstid for Europa. Ei lagnadstid for fridom, demokrati og rettsstat. Ukrainas kamp er også vår kamp. Putins krig er ikkje berre ein krig mot Ukraina, men ein krig mot det liberale demokratiet – mot frie liv, frie meiningar, marknadsøkonomi og eit fritt samfunn. \n\nDifor er ikkje dette tida for å vere nøytral eller ligge bakpå. Dette er tida for å stille opp for dei som akkurat no kjempar vår kamp med livet som innsats. \n\nAt vi i Noreg skal stille opp for flyktningar frå Ukraina med husrom og hjarterom: Ja. Men ukrainarane er ikkje først og fremst eit folk på flukt. Dei er eit folk i krig. Mot ei russisk krigsmaskin som vi i Noreg også er med og matar med økonomisk drivstoff. Med ei passiv norsk regjering som ikkje syner det leiarskapet vi treng i ei tid som denne – ei regjering som synes å ha sterkare engasjement for å splitte opp Noreg enn for å samle Europa. \n\nVenstre sitt syn er krystallklart. Noreg må slutte å mate Putin sin krig. Norske hamner må stengast for russiske skip. Regjeringa må gi norsk næringsliv klare signal om og «køyrereglar» for å kutte handel med Russland. Vi må gi meir våpenhjelp til Ukraina – og meir pengar til den ukrainske regjeringa slik at dei kan skaffe dei våpna landet treng for å forsvare seg. \n\nFor det er no det gjeld. No kan ingen vere «seg sjølv nok». No må vi stå saman. Det gjeld i kampen mot Putins kleptokrati – og det gjeld i kampen mot klimaendringane. \n\nKlimakampen er også ein kamp der Europa no skiftar gir og syner leiarskap, og Noreg sit passive på utsida – og seinast i dag får ramsalt kritikk i ein ny OECD-rapport om norsk klimapolitikk. \n\nDet er ikkje til å tru at fornybar-nasjonen Noreg i 2022 har ei regjering som ikkje vil stille opp i ein felles europeisk dugnad for å erstatte russisk olje og gass med rask og koordinert havvind-utbygging. Det er ikkje til å tru at vi midt i ei klima- og naturkrise har ei norsk regjering som seier rett ut at vi skal gje fritt fram for å bygge ned meir myr. Ei regjering som ikkje vil setje turbogiret inn for å klimaomstille norsk landbruk, slik at bøndene våre kan bli ein del av klimaløysinga. Ei regjering som med opne auge ofrar klima, natur og internasjonalt samarbeid for å berge eit Senterparti i livskrise. \n\nVenstres ærend har alltid vore å stå opp for fridomen, demokratiet og fellesskapet. Berre i fellesskap kan vi stoppe krig og diktatur. Berre i fellesskap kan vi løyse klima- og miljøkrisa. Berre i fellesskap er det mulig å legge grunnlag for frie liv, overalt – for alle.\n\nNo er det det europeiske fellesskapet det handlar om. Noreg kan arbeide for å gjere det europeiske fellesskapet sterkare – eller vi kan arbeide for å gjere det svakare, slik dagens regjering signaliserer i Hurdalsplattformen. \n\nVenstre må og skal vere motpolen til Ap/Sp-regjeringa i deira passive syn på europeisk samarbeid. Der Ap og Sp vel aleinegang, skal Venstre velje samarbeid. Aldri har Venstre sitt ærend i norsk politikk vore viktigare enn no. Det er fridomen og framtida som står på spel.

Postet:
2022-04-22 15:59:11

Delt innhold: