Innlegg:
Ferdig med tre tettpakka dagar i Brussel: To dagar saman med Stortingets næringskomité, og ein «bonusdag» på eiga hand for å få innsikt i dei enorme samfunnsendringane som no skjer i Europa, med EU som drivkraft: Grøn omstilling (meir radikal i omfang og tempo enn eg trur dei fleste har tatt inn over seg), lynraskt energiskifte vekk frå russisk gass/olje, eit meir samla EU enn nokonsinne som står opp mot Russlands angrepskrig i Ukraina og eit meir motstansdyktig Europa mot kriser – anten vi snakkar pandemi, krig eller andre trugsmål.\n\nNæringskomiteen møtte den norske EU-ambassadøren, vi fekk oppdatert innsikt frå våre norske utsendingar i Brussel innanfor næring, fiskeri, landbruk, mat og energi, møtte store norske bedrifter og organisasjonar sine utsendingar i Brussel (NHO, LO, Kongsberg, Orkla, Equinor og DNV), møtte og fekk opne og gode diskusjonar med ESA sine folk (EFTA-avtalen sitt overvakingsorgan av EØS-avtalen) – og fekk høve til å møte flinke folk frå EU-systemet og forskingsmiljø som ga oss djupare innsikt i EU sin klimapolitikk, handelspolitikk og Europa sin plass i den globale geopolitikken i kjølvatnet av Ukraina-krigen.\n\nEtter at resten av komiteen reiste heim i går, hadde eg ein hyggeleg kveld i lag med Venstre-folk busett i Brussel – og hadde eigne møte i dag med Vest-Norges Brusselkontor (Vestlandet sine «auge og øyre» i Brussel) og med den svenske næringsorganisasjonen (Svenskt Näringsliv), for å høyre korleis det er for svenske bedrifter å samhandle med Noreg utanfor EU samanlikna med å drive handel med Danmark og andre land i EU. Det var ein interessant samtale, for å seie det slik.\n\nIntenst, men enormt lærerikt – og kjekt å vere på tur med så mange hyggelege folk på tvers av parti som det er i Næringskomiteen. Og rett og slett heilt nødvendig for ein norsk politikar å bruke tid på - i eit stadig meir samanvevd Europa, med EU som den suverent viktigaste utformaren av vår felles framtid. \n\nAt regjeringa no vil utgreie korleis vi kan ha ei lausare tilknyting til EU enn i dag men ikkje vil utgreie det motsette - samtidig som Statsministeren sjølv seier at «EUs normative, økonomiske, politiske og lovgivende kraft har aldri vært sterkere» - det er for meg ei gåte. \n\nMed Russland sin invasjon av Ukraina samtidig som klima- og naturkrisa aukar på, er Europa bunde saman i ein sterkare lagnads-fellesskap enn nokonsinne – med EU som drivkraft. Verda, Europa og EU har endra seg enormt sidan 1972 og 1994. Då er det minste vi no må gjere å søke ny og oppdatert kunnskap om det nye Europa vi er ein del av, uansett om vi likar det eller ikkje..
Postet:
2022-05-04 22:10:16