Person / Aktør:
Hadia Tajik
Hadia Tajik
Parti: AP

Innlegg:
Takk for dansen til 2023. 💃🏻 Reint personleg vart det eit år med mykje læring og nye arena å tre inn på. Mest av alt er eg takksam for Kristian, Sofia, den utvida familien og nære venner. 🥰 Gjennom arbeidet i energi- og miljøkomiteen har eg kunne skrive ei bok om klima og økonomi, med forslag om nye politiske vegval. I justiskomiteen, som eg sit i no, får eg arbeide med eit felt som har store utfordringar i året som kjem - mellom anna fordi tryggleikssituasjonen i verda òg får innverknad på norsk sivil beredskap.\n\nDet er likevel utraderinga av sivilbefolkninga på Gaza som er det som preger året som har gått. Det har fått eit omfang og ein brutalitet som vanskeleg kan omtalast på andre måter enn beint fram grove brot på folkeretten. Terrorangrepet som vart utført på israelsk jord av Hamas 7. oktober har ramma det jødiske folket på ei måte verda ikkje har sett sida andre verdenskrig. Likefullt er det israelske motsvaret no fullstendig ute av proporsjonar når det så tydeleg rammer sjukehus, helsepersonell, barn, gravide og sivile. Retten til sjølvforsvar inkluderer ikkje dette. Denne retten, som er forankra i internasjonal lov, krev at angrep må vere proporsjonale og naudsynte. Det er ikkje lenger mogleg å hevde at dei er det. Gaza treng stans i krigshandlingane. Både palestinarar og israelarar treng fred.\n\nÒg Ukraina treng vår støtte inn i året som kjem. Dei kjemper heile Europa sin krig: Mot autoritære krefter som tek seg til rette.\n\n2024 vil kreve det beste av oss, for at det nye året skal bli betre enn det me no forlet.

Postet:
2023-12-29 09:56:52