Person / Aktør:
Hadia Tajik
Hadia Tajik
Parti: AP

Innlegg:
Israels blokade av og angrep mot palestinske sivile på Gaza skaper naud, kaos og død. Å ikkje gje folk tilgang til mat, vann, drivstoff, medisinar og medisinsk utstyr er inhumant. Etter terrorangrepet frå Hamas sa den israelske forsvarsministaren at «reglene for krig har endra seg». Men nei, folkeretten er den same. Dei grunnleggjande moralske prinsippa som ligg til grunn for den finstemte jussen i samband med slike kriser er støtt dei same. Det er totalt uakseptabelt å straffe sivile og uskuldige for eit terrorangrep som andre er ansvarlege for. Eg er svært uroa over at israelske myndigheiter ser ut til å tru at det er andre regler for dei, enn for alle andre. Det er det ikkje. Sivile er sivile og må få leve liva sine i fred, anten dei er israelarar eller palestinarar. Terrorangrepet til Hamas var grufullt, fortsatt er det familiar på israelsk side som er uroa for sine kjære. Denne valdseksaleringa skaper berre nye, langvarige problem.

Postet:
2023-10-13 11:22:35