Person / Aktør:
Hadia Tajik
Hadia Tajik
Parti: AP

Innlegg:
Sivilbefolkninga på Gaza lever, og døyr, i ei ekstrem krise no. Når tilgang til omverda er blokkert, er det få vitner til det som speler seg ut under Israelske angrep. Israel har varsla ei eskalering.\n\nDet fins reglar for krig - og for sjølvforsvar. Å drepe sivile er ikkje ein del av det. Å svare med uforholdsmessige angrep er heller ikkje ein del av det. \n\nMange av oss vart opprørt over Hamas sitt terrorangrep mot israelske sivile tidlegare i oktober. Med sitt svar på terroren skyv Israel no folk frå seg. Sivile på Gaza må få tilgang til mat, vatn, medisinar og straum. Dei må ikkje lide for Hamas sine ugjerningar. Valdseskaleringa må ta slutt.

Postet:
2023-10-29 10:12:18