Beta
Søket ga 75 treff.
Sveinung Rotevatn
2023-12-24 14:48:36

Mildt sagt kvit jul i Nordfjord i år. Minusgrader, tjukt med snø og silkeføre i skisporet. Håpar alle får ei flott julefeiring!

Sveinung Rotevatn
2023-12-13 10:47:17

Zelenskyj er i Noreg. Ikkje fordi det er stas, men fordi Ukraina desperat treng meir pengar. Det bør Noreg bidra med. Vi har 9 mrd staånde på konto i Eksfin, dei bør Noreg gi til den ukrainske fridomskampen allereie før nyttår meiner Venstre.

Sveinung Rotevatn
2023-11-30 21:32:16

No byrjar vi å snakke her!

Sveinung Rotevatn
2023-11-14 13:09:03

I dag har Guri Melby og eg lagt fram Venstre sitt forslag til statsbudsjett. Her er noko av det vi vil satse på:\n\n- Vi reduserer skatte- og avgiftstrykket for norske bedrifter. Mellom anna føresler vi å fjerne heile den ekstra arbeidsgivaravgifta som regjeringa har innført.\n- Vi har ein tydeleg grøn profil, med satsing på kollektivtrafikk og miljøteknologi, skjerping av miljøavgiftene og meir støtte til å ta vare på sårbar natur.\n- Vi føresler ein ny familiepolitikk for å kraftig redusere talet på barn som veks opp i fattige familiar. Det gjer vi gjennom å auke og omfordele barnetrygda, starte med rullerande...

Sveinung Rotevatn
2023-10-10 13:15:28

Parti på venstresida slenger stadig ut forslag om ein "meir aktiv næringspolitikk" og større statleg eigarskap. Slik som Raudt, som i fjor foreslo at Noreg skulle kjøpe seg opp i SAS. No har vi fasiten på korleis det ville gått: Pengane ville vore tapt. Difor nytta eg høvet i trantaledebatten på å utfordre Raudt: Har dei fleire gode investeringstips?\n\n

Sveinung Rotevatn
2023-10-02 11:58:27

I vår auka regjeringa pengebruken meir enn Norges Bank hadde venta, og bidrog til å skape større press i norsk økonomi. No varslar Vedum igjen auka pengebruk, og LO pressar på. Det gir grunn til uro for alle med bustadlån.\n\nVenstre vil heller jobbe for eit ansvarleg budsjett, der vi held igjen på offentleg pengebruk og dermed held renta nede. \n\n

Sveinung Rotevatn
2023-09-24 19:11:10

Det er all grunn til å kritisere habilitetssaka til Erna Solberg og måten ho har handtert den på. Men det er noko ganske anna å spreie konspirasjonsteoriar om at pressa har halde tilbake informasjon, eller antyde at valet på eit eller anna vis ikkje er legitimt. Her må ansvarlege leiarar i dei politiske partia vere krystallklare, slik at vi ikkje undergrev tilliten til våre demokratiske institusjonar. Dette seier eg til VG i dag:\n\n

Sveinung Rotevatn
2023-09-22 17:42:11

Den første meiningsmålinga i den lange stortingsvalkampen fram mot 2025 gir Venstre 7,2 prosent. Det får vi kalle ein lovande start.\nGod helg! ✅

Sveinung Rotevatn
2023-09-12 16:42:55

Takk til deg som stemte Venstre! Du var heldigvis ikkje åleine. Vi går fram! \n\nI førre kommuneval såg vi 3-talet. I stortingsvalet to år etter såg vi 4-talet. Og i går såg vi 5-talet. Ein framgang på 1,1 prosentpoeng er veldig gledeleg, og viser at partiet vårt er i jamn og stødig vekst. \n\nI mange kommunestyre der vi ikkje kom med sist, er vi no tilbake. Slik som i Masfjorden, Aurland, Kvam og Bjørnafjorden. I mange kommunestyre går vi no frå einmannsgrupper til fleirmannsgrupper. Og i enkelte kommunar har vi til og med blitt største parti! Ein ekstra gratulasjon i...

Sveinung Rotevatn
2023-09-07 17:39:09

Scener frå ein valkamp.

Sveinung Rotevatn
2023-08-23 13:37:21

Er Venstre eit av Noregs mest woke parti? Vi dissekerer Subjekt sin analyse. I tillegg: Våre største Arendal-tabber. Og ein feilsendt e-post frå ein Ap-rådgjevar😯\n\nNy pod ute no:\n\nhttps://open.spotify.com/episode/6qI5KtSgCrU9uodvNo9EAA

Sveinung Rotevatn
2023-08-12 11:52:22

Kaffi, hjelmar, brosjyrer, ferjer, fjordar, sveler, lokalaviser, regnjakker, mikrofonar, telefonar, bygdedagar, kilometer på kilometer på kilometer.\nJaudå, valkampen er definitivt i gang! Dei siste to vekene har turen gått til Vaksdal, Øygarden, Etne, Suldal, Kvinnherad, Bergen, Osterøy, Ullensvang, Bjørnafjorden og Kvam. Her er nokre glimt frå besøka.

Sveinung Rotevatn
2023-05-25 15:29:22

No har det vore nok politisk spel om lakseskatten - på tide å setje punktum. Ei av Noregs viktigaste næringar fortener føreseielege rammevilkår, og ein skattesats som er til å leve med. \n\nGjennom forhandlingane i Stortinget har Venstre vore opne for å innføre ein grunnrenteskatt for havbruksnæringa, som det er gode faglege grunnar for å gjere. Men vi har meint at skattetrykket måtte ned. Regjeringa foreslo ein skattesats på 35 prosent, SV ville ha den på 48 prosent, Venstre ville ha den på 25 prosent. Resultatet vart 25 prosent, og det er vi godt nøgde med. I tillegg kuttar vi...

Sveinung Rotevatn
2023-05-20 20:35:36

Av alle langtidsfølgjer av pandemien, er ikkje cupfinale i mai det dummaste. For eit kok på Ullevål. For ein kamp. Heia Brann!

Sveinung Rotevatn
2023-05-14 16:02:57

Eurovision var ein fest! Liverpool kokte, det var festivalstemning og BBC leverte varene som berre dei kan. 12 poeng frå meg!\n\nMEN: No må det bli slutt på desse jurystemmene. Finland vann ein overlegen siger blant folket. Sverige fekk ikkje ein einaste 12-poengar. Det betyr at årets vinnar vart vurdert som den beste låta av 0 - null - av dei andre landa. Det går ikkje.\n\nEurovision er ingen kunstbiennale, det er ein folkeleg musikkonkurranse. Og då bør det vere folket som bestemmer. Enkelt og greit.\n\n

Sveinung Rotevatn
2023-05-13 15:04:23

Sola skin, det kokar i Liverpool og snart er det finale! Heia Noreg! 💪🏻🇳🇴\n(… og Finland 🇫🇮 og Frankrike 🇫🇷)

Sveinung Rotevatn
2023-05-12 10:06:23

Før jul kom det eit forslag til nytt skattesystem frå eit offentleg utval leia av Ragnar Torvik. I rapporten var det mange spanande forslag, som kunne bidratt til eit skattesystem som er grønare, meir rettferdig og som ville gjort at det løner seg meir å jobbe og skape arbeidsplassar.\n\nSå snart høyringa var over, la finansminister Trygve Slagsvold Vedum rapporten i ei skuff. Og har sagt at der blir den liggande. \n\nDette er skuffande, og det er ei tapt moglegheit. Landet kunne trengt eit breidt forlik om eit betre skattesystem som kan stå seg over tid.\n\n

Sveinung Rotevatn
2023-05-09 15:05:27

I dag er det Europadagen. Gratulerer med den, alle saman! Kva er så statusen for den norske EU-debatten? Vel, i vårt største regjeringsparti - som skal ha honnør for at dei tradisjonelt har vore stødige pådrivarar for norsk EU-medlemskap - går utviklinga no i motsatt retning. I den nye leiinga er Jonas Gahr Støre den einaste som seier ja til EU. Det uroar meg som ja-mann, sidan vi treng alle gode krefter i arbeidet for eit forpliktande samarbeid for fred og fridom. Eg seier litt meir om dette i det vedlagte DN-intervjuet.\n\nPS: Lurar på kor den norske EU-debatten står og...

Sveinung Rotevatn
2023-04-17 14:39:26

Kva gjorde at ein MDG-politikar og ein Sp-politikar melde overgang til Venstre? Ask Ibsen Lindal (tidl. MDG) og Randi Fredriksen (tidl. Sp) gjestar podden for å snakke om korleis overgangen har vore, kven som har dei beste landsmøta, og korleis Venstre kan bli eit større parti. \n\nDu finn den der du høyrer på podkast. Til dømes her:\n\nhttps://open.spotify.com/episode/2N0SW2ObGSoTNAx1PutUoC?si=dnkXix5HTDK7NHNjcPdScg

Sveinung Rotevatn
2022-12-21 20:22:52

Då var Stortinget stengt, og vi har spelt inn vår siste podkast-episode før ferien. Det må markerast med ei juleøl. God jul til alle frå Ingvild, Kristin og meg! 🧑🏼‍🎄🧑🏼‍🎄🎅🏻\n\nEpisoden finn du som vanleg der du høyrer podkast, til dømes her: https://open.spotify.com/episode/40bOnTVtVMR6cfyLxmQ0Be?si=nKYuBitiR6K4V8tuV0JnrQ

Laster...
Laster...