Innlegg:
Takk til deg som stemte Venstre! Du var heldigvis ikkje åleine. Vi går fram! \n\nI førre kommuneval såg vi 3-talet. I stortingsvalet to år etter såg vi 4-talet. Og i går såg vi 5-talet. Ein framgang på 1,1 prosentpoeng er veldig gledeleg, og viser at partiet vårt er i jamn og stødig vekst. \n\nI mange kommunestyre der vi ikkje kom med sist, er vi no tilbake. Slik som i Masfjorden, Aurland, Kvam og Bjørnafjorden. I mange kommunestyre går vi no frå einmannsgrupper til fleirmannsgrupper. Og i enkelte kommunar har vi til og med blitt største parti! Ein ekstra gratulasjon i så måte til Oppdal (26,9 %), Ulvik (26,8 %) og Kristiansund (23,2 %). I desse og fleire kommunar er vi no med i kampen om ordførarverv. \n\nI tillegg til brei vekst i stort sett heile landet, gjer vi det skarpt i fleire av dei store byane våre. Det betyr at vi no jobbar for byrådsmakt i både Oslo og Bergen, og har fått eller kan få ei hand på rattet i styringa av både Trondheim, Stavanger og Kristiansand. \n\nDet er mykje som framleis blir forhandla om rundt omkring i kommunar og fylkesting, men veljarane har gitt Venstre - som eitt av fire stortingsparti - ei styrka hand i desse forhandlingane. Det er eg sikker på at er ein tillit folka våre vil forvalte til beste for klimaet, skulen, næringslivet og naturen. \n\nTakk igjen til alle som stemte på oss - no byrjar jobben mot stortingsvalet 2025!
Postet:
2023-09-12 16:42:55
Delt innhold: