Innlegg:
I dag er det Europadagen. Gratulerer med den, alle saman! Kva er så statusen for den norske EU-debatten? Vel, i vårt største regjeringsparti - som skal ha honnør for at dei tradisjonelt har vore stødige pådrivarar for norsk EU-medlemskap - går utviklinga no i motsatt retning. I den nye leiinga er Jonas Gahr Støre den einaste som seier ja til EU. Det uroar meg som ja-mann, sidan vi treng alle gode krefter i arbeidet for eit forpliktande samarbeid for fred og fridom. Eg seier litt meir om dette i det vedlagte DN-intervjuet.\n\nPS: Lurar på kor den norske EU-debatten står og kor EU er på veg? I den siste utgåva av "Sikre kilder i Venstre" diskuterer eg dette med Brussel-baserte Karl Arthur Giverholt. Vi går også gjennom dei tyngste nei-argumenta, og forsøker å ta desse på alvor. Du kan høyre episoden der du høyrer på podkast, til dømes her: https://open.spotify.com/episode/3SKu2GWt7qqb7Iy8kpUapj?si=KxzjXG6jQtqUtQkrknYorw&nd=1\n\nhttps://www.dn.no/politikk/sveinung-rotevatn/jonas-gahr-store/eu-debatt/historisk-eu-motstand-i-ap-ledelsen-ikke-mulig-a-ta-norge-inn-i-eu-uten-ap/2-1-1447388
Postet:
2023-05-09 15:05:27
Delt innhold:
Historisk EU-motstand i Ap-ledelsen: – Ikke mulig å ta Norge inn i EU uten Ap (+)
Med Jonas Gahr Støre nå som den eneste ja-mannen i Ap-ledelsen er Venstres nestleder Sveinung Rotevatn bekymret for om Ap vil stille seg bak en ja-kampanje i det øyeblikket medlemskap i EU blir aktuelt.