Innlegg:
No har det vore nok politisk spel om lakseskatten - på tide å setje punktum. Ei av Noregs viktigaste næringar fortener føreseielege rammevilkår, og ein skattesats som er til å leve med. \n\nGjennom forhandlingane i Stortinget har Venstre vore opne for å innføre ein grunnrenteskatt for havbruksnæringa, som det er gode faglege grunnar for å gjere. Men vi har meint at skattetrykket måtte ned. Regjeringa foreslo ein skattesats på 35 prosent, SV ville ha den på 48 prosent, Venstre ville ha den på 25 prosent. Resultatet vart 25 prosent, og det er vi godt nøgde med. I tillegg kuttar vi kraftig i formuesskatten for oppdrettskonsesjonar, som særleg kjem dei familieeigde selskapa til gode. \n\nHer trur eg vi har funne ein god balanse mellom at ei veldig lønsam næring bidrar meir til fellesskapen - noko dei har sagt at dei er villige til å gjere - samstundes som det framleis blir gode vilkår for å investere og skape arbeidsplassar langs heile kysten i ei viktig næring for landet. I dag har vi rett og slett fått gjennomslag for god Venstre-politikk, på tvers av blokkgrensene, og det er eg veldig glad for.
Postet:
2023-05-25 15:29:22
Delt innhold:
Venstre får gjennomslag for redusert lakseskatt
Venstre har senket grunnrenteskatten fra 35 prosent til 25 prosent og fått flere viktige gjennomslag for havbruksnæringen. – Nå er det nok politisk spill. Denne […]