Beta
Søket ga 444 treff.
Hadia Tajik
2022-10-02 11:10:30

Ha ein hoppande god sundag 😄

Hadia Tajik
2022-09-30 11:02:49

I ei tid med mange deprimerande nyhende knytta til krig i Europa og ei uroleg tid, vart eg veldig glad for dei nye tala om pensjon frå første krone her heime i Norge. Heile ein kvart million fleire nordmenn tjener no pensjon på lønna si! 150.000 av dei er unge under 30 år. Når dei vert gamle kan denne innteninga innebere eit løft i pensjonsutbetalingane på fleire hundretusen kroner 🤩✊🏻 Dette gjer arbeidslivet vårt og pensjonstida til mange meir rettferdig.\n\nhttps://www.vg.no/nyheter/innenriks/i/RGypV2/150000-unge-sparer-som-markus-20-straalende?fbclid=IwAR0-qleKDpt_3jdatrG_1rel424W4nfYuBmKZjF4HO8L29yeRgwWg3vGdRc

Hadia Tajik
2022-09-23 13:09:40

Kjell Inge Røkke sjølv er eit døme på at formuesskatten ikkje hemmer næringsverksemd. I alle dei åra han har investert i norsk fisk eller olje til no, har me hatt formuesskatt. \n\n

Hadia Tajik
2022-09-22 08:14:31

Dei siste dagane har det vore mykje debatt om #kvinnehelse. I podcasten Fødselspodden med Tuva Fellman kan du høyre nokre av mine erfaringar. Disclaimer: Dette er ikkje for sarte sjelar. Her er lenka: https://go.podimo.com/no/fodselspodden

Hadia Tajik
2022-09-08 14:25:51

"Det hjelper fint lite at markedet har tjent oss godt tidligere, for akkurat nå er det kraftmarkedet som er herre over oss", skriv eg i Dagsavisen i dag. Det er eit innlegg om at ein strukturell reform av kraftmarkedet er naudsynt - og om kva prosessar som går i EU-landa no.

Hadia Tajik
2022-09-03 15:36:32

Kjærleiken er fri. Pride i Stavanger. Endeleg.\n❤️🧡💛💚💙💜

Hadia Tajik
2022-08-12 19:29:23

På ungdomsskule las eg Sataniske Vers, Midnattsbarn og Skam - tre av dei mange bøkene forfattaren Salman Rushdie har skrive. Bøkene gjorde djupt inntrykk på meg: Tenk å skrive så godt, så kreativt, så fritt? Rushdie levde i fleire tiår med ein dødsdom over seg, frå den dåverande leiaren av Iran, Ayatolla Khomeini, som oppmoda muslimar verda over om å drepe Rushdie. Han meinte Rushdie hadde drive med blasfemi i boka Sataniske Vers. \n\nSom student i 2005 høyrde eg eit foredrag Salman Rushdie haldt i London, om kvifor det er viktig at ytringar er så frie som mogleg. Det forma...

Hadia Tajik
2022-07-29 08:04:51

Me er inne i eit avgjerande tiår for industriutbygging og for å forebygge klimaendringar. Det er eit lite tidsvindu - og det kan glippe for oss pga manglande kraftutbygging, for dårleg utbygd straumnett og høge straumprisar.\n\nDet skriv eg litt om i Dagsavisen i dag:\n\n

Hadia Tajik
2022-07-24 15:07:50

Vestlandssommar 🌦🚤🎣☺️ Heilt utan filter.

Hadia Tajik
2022-07-22 18:24:26

Oppfølginga etter 22. juli 2011 har berre så vidt begynt, skriv eg i VG. Me har mykje å ordne opp i, både på beredskap mot terror, forebygging av ekstremisme og samanhengen mellom haldninger og handlingar. Du kan lese heile teksten i lenka.\n\nAvisa spurte i går om eg ville skrive eit innlegg til i dag, og det ville eg gjerne. Vonar du lese.\n\n

Hadia Tajik
2022-07-22 11:54:52

❤️✊🏻🌹

Hadia Tajik
2022-07-14 14:01:22

Ny dag - nytt innlegg om skeive sine rettar! Litt om historia, og litt om framtida.\n\nI går spurte Kristin Clemet meg kvifor «Arbeiderparti-folk er så lite rause», i VG. Ho meiner innlegget eg skreiv om pride og politikk - og som er delt her på Facebook - ikkje fortel sanninga om kampen for skeive sine rettar.\n\nSå i dag har eg skrive eit svar. Det kan du lese her:\n\n

Hadia Tajik
2022-07-12 11:14:42

Eg har gått litt gjennom den politiske historia bak sentrale vedtak for skeive sine rettar. Ein raud tråd er at medan Arbeiderpartiet har vore pådrivar for sentrale reformar, så har desse sakane ikkje vore nemnt eingong i partiprogrammet til Høyre. \n\nDette har eg skrive litt om hjå DN, etter at Erna Solberg skreiv eit innlegg om "kor langt me har kome" utan å fortelje at partiet hennar har vore heilt haldningslause i samband med sentrale kampar. Klikk på lenka for å lese. Eg måtte korte innlegget litt ned for å få det på trykk - så her nede limer eg...

Hadia Tajik
2022-07-07 19:53:17

Mammalivet er å ete opp makaronisuppa til Sofia (1,5 år) fordi ho heller vil ha blåbær til middag… 👧🏻🥰

Hadia Tajik
2022-06-28 09:34:28

Eg skriv i VG om tre menn med iransk bakgrunn som krysser kvarandre sine spor, etter åtaket som særleg ramma skeive i Oslo i helga.\nEin er stortingspresident, ein er dørvakt ved London pub - og den tredje er ansvarleg for vald og drap.\n\n❤️🧡💛💚💙💜

Hadia Tajik
2022-06-25 08:17:36

Me veit kven som vart særleg ramma av angrepet i natt: Skeive som viste livsglede midt i Oslo.\n\nMe veit ikkje motivet til gjerningsmannen, men me veit at valden var grufull og meningslaus. \n\nMykje kjærleik og varme tankar til alle som saknar noko etter skytinga, og djup solidaritet med alle som no er redde.\n❤️🧡💛💚💙💜

Hadia Tajik
2022-06-24 20:11:28

Når eit stort, vestleg demokrati som USA no går tilbake på kvinners rett til sjølvbestemt abort, så gjev det ny energi til alle konservative krefter i heile verda. Dessverre.\n\nDet viser òg tydeleg at ingen rettar er skrivne i stein. Det kan alltid koma krefter, eller til og med eit fleirtal, som vil snu på alt.\n\nEg skreiv litt om dette i Dagsavisen her om dagen. Kanskje du har lyst til å lese og vere med i diskusjonen vidare:\n\n

Hadia Tajik
2022-06-23 12:53:43

Me har ein næringsminister med mykje energi - som eit fullada batteri eller ei havvindmølle på full guffe 😃\n\nI dag vart eg med han til industri- og teknologibedriften Rosenberg i Stavanger, for lanseringa av det grønne industriløftet. No kjem 100 tiltak for å løfte sju industriområder:\n🌹 Havvind\n🌹 Batteri\n🌹 Hydrogen\n🌹 CO2-handsaming\n🌹 Prosessindustri\n🌹 Maritim industri\n🌹 Skog- og trenæring, og anna bioøkonomi\n\nMålet er å kutte klimautslepp og skape fleire arbeidsplassar - på ein og same tid.\n\nLes mer om industriløftet her:\n\nhttps://www.regjeringen.no/no/tema/naringsliv/gront-industriloft/id2920282/

Hadia Tajik
2022-06-17 13:48:18

Wow. Kor herleg! \nAkkurat no har Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen levert to svært viktige arbeidslivsreformar til Stortinget:\n🌹 rett til heiltid\n🌹 innstrammingar på innleie\nDei gjekk til Kongen i statsråd som proposisjonar i dag. Det inneber at Stortinget skal handsame dei til hausten. Slik det ser ut har forslaga fleirtalet bak seg. \n\nEg er takksam for å ha sendt forslaga på høyring då eg var statsråd, og no er eg stolt av at Marte køyrer dei i mål. Eg veit ho er i gang med meir godt arbeid på feltet - og resultata kjem til å vise seg for folk...

Hadia Tajik
2022-06-05 20:33:27

Finaste smekka som finns, har me her i Rogaland. Sofia sin bestefar var verftsarbeidar mesteparten av sitt vaksne liv. Med industriarbeidarane i «oljå» vart Norge eitt av verdas beste land å bu i.\nOg smekka tåler alt. Same som Sofia sin bestefar. ☺️💪🏻

Laster...
Laster...