Person / Aktør:
Hadia Tajik
Hadia Tajik
Parti: AP

Innlegg:
På ungdomsskule las eg Sataniske Vers, Midnattsbarn og Skam - tre av dei mange bøkene forfattaren Salman Rushdie har skrive. Bøkene gjorde djupt inntrykk på meg: Tenk å skrive så godt, så kreativt, så fritt? Rushdie levde i fleire tiår med ein dødsdom over seg, frå den dåverande leiaren av Iran, Ayatolla Khomeini, som oppmoda muslimar verda over om å drepe Rushdie. Han meinte Rushdie hadde drive med blasfemi i boka Sataniske Vers. \n\nSom student i 2005 høyrde eg eit foredrag Salman Rushdie haldt i London, om kvifor det er viktig at ytringar er så frie som mogleg. Det forma heile mitt syn på ytringsfridomen. Han sa mellom anna at det ikkje er nokon grunn til å respektere andre sine meiningar. Me skal respektere andre som mennesker - men meiningane, dei må me kunne rive i fillebiter, det er føresetnaden for å bringe samfunnet vidare. «Demokrati er ikkje eit teselskap», sa han. «Demokrati er ikkje ein stad der folk sit høfleg og konverserer med kvarandre. I demokratiske samfunn vert folk opprørt over kvarandre, og argumenterer intenst mot kvarandre». Han tok ein pause: «Men dei skyt ikkje». \n\nNo står det på alle nettavisar at Rushdie er utsett for eit åtak, truleg er han knivstukke i halsen, medan han gjorde eit intervju på ein offentleg stad i New York. Me veit ikkje kva som har hendt, men det er ikkje så rart om mange no tenker at det er ein samanheng mellom trugslane han har levd med og åtaket han har opplevd. På avstand kan me sende bønner og varme tankar. Men me kan òg gjere ein ting til: Følge oppmodinga til forfattar Jan Kjærstad på facebook no. Kjøp Satanisk Vers eller lån ho på biblioteket. Les boka. Gje Rushdie eit endå større publikum. Akkurat no er det ein djupt solidarisk handling.

Postet:
2022-08-12 19:29:23

Delt innhold:
This content isn't available right now
When this happens, it's usually because the owner only shared it with a small group of people, changed who can see it or it's been deleted.