Beta
Søket ga 308 treff.
Olve Grotle
2023-05-10 20:14:24

Nå må regjeringa sette i gang! Utflytting av statlege arbeidsplassar frå Oslo. \nFlott reportasje om kor bra det gjekk då Fredskorpset blei flytta til Førde, og blei til Norec. Ny rapport slår fast at det har blitt ein suksess!

Olve Grotle
2023-05-09 19:05:57

Frå før har regjeringa kutta ut offentleg støtte til private helsetenester, særleg innan rus og psykiatri. Det har gjort at mange av dei mest sårbare og sjuke har blitt ståande utan tenleg tilbod. \n\nNå går Ap eit steg vidare, og vil kunne forby at det blir etablert helsetenester utanfor det offentleg. Sjukepleiarar, legar og andre helsearbeidarar skal altså ikkje har lov til å arbeide og utføre faget sitt andre plassar enn i det offentlege. \n\nAp sin kamp mot det private næringslivet, tar dessverre stadig nye former.\n\nVi skal eit godt og offentleg finansiert helsevesen, med eit rimeleg innslag av ideelle og...

Olve Grotle
2023-05-08 10:19:44

Gratulerer med frigjerings- og veterandagen🇳🇴🇳🇴🇳🇴\n\nDette er Vetehytta. Dagsturhytta på Veten i Bremanger. Målet for ein spektakulær fjelltur og eit fantastisk utsyn – du kan sjå så langt augo rekk.\n\nVed sida av dagsturhytta ligg eit slags krigsminnesmerke; restane av ei vakthytte tyskarane bygde under krigen. Formålet var å halde oppsyn med båttrafikken, og plasseringa var ikkje tilfeldig. For fjelltoppen Veten i Bremanger (527 moh), var ein del av det gamle vetesystemet langs kysten i mellomalderen.\n\nDet går mange historier om denne vakthytta, og kontakten bygdefolket hadde med soldatane som var stasjonert der. Det var nok ikkje tale om særleg motiverte tyske soldatar,...

Olve Grotle
2023-05-05 15:33:06

Erna gjer Ove Trellevik klar for gruppebilde i Stockholm📸 Heim til Førde nå. God helg😊

Olve Grotle
2023-05-03 20:15:51

På reise med stortingsgruppa i Høgre. Kor hen?

Olve Grotle
2023-05-03 15:25:16

Innlegg og debatt på årsmøtet til Silde-salgslaget. Sildelaget omsette forresten pelagisk fisk for like over 11,4 milliarder kroner i fjor😊

Olve Grotle
2023-05-02 20:32:30

Høgre med ny mineralstrategi for Norge!\n \nKollega Bård Ludvig Thorheim er mineral-entusiast, og har ein stor del av æra for at Høgre nå lanserer «Ny minerstrategi for Norge».\n \nVi skal utvinne meir mineral over heile landet, og det på ein grønare måte enn kanskje noko anna land. Stikkord er meir industri, arbeidsplassar, bidrag til det grøne skiftet og sikre Norge og allierte viktige og kritiske mineral.\n\nFør helga såg vi nærmare på mineral-prosjektet til Nordic Mining, som faktisk er den første gruva som er opna på 40 år i Norge.

Olve Grotle
2023-05-01 11:43:35

Gratulerer med dagen! Ønskjer alle ein fin 1. mai 🇳🇴🇳🇴🇳🇴

Olve Grotle
2023-04-21 16:46:36

Fiskeribladet er 100år🇳🇴🎂💥Då må det bli debatt om sjømatnæringa si framtid😊

Olve Grotle
2023-04-19 16:29:53

Heile 44% av dei mellom 18 og 29 år vil ha Bengt Solheim-Olsen som ordførar i Kinn! Høgre er størst i alle aldersgrupper, og totalt er det 32% som vil ha Høgre som ordførarparti til hausten💙\n \nDet forstår eg godt. Kysten treng eit gjensyn med den svært dyktig, joviale, erfarne og brubyggjande gamleordføraren😊 Bengt er rett person til å leie Kinn dei neste åra👌\n \nHer ser de eit bilde av ordførar-Bengten, og legg merke til karen til høgre på bilde; Erlend Svardal Bøe, stortingsrepresentant frå Tromsø. Så då passar det godt å spørje den utflytta Florø-væringen: Meiner du Bengt Solheim-Olsen...

Olve Grotle
2023-04-18 17:34:19

Vegkonferanse Fjordvegen Rute 13 i Sogndal. God og viktig vegkonferanse om NTP og Rv 13, med særleg fokus på fokus på rassikring og standardheving.\n\nGunnhild Bøyum Gunnar Moland

Olve Grotle
2023-03-29 16:43:26

Du veit du er i Bergen når eit buekorps opnar ein konferanse🙌\n\nTo dagar i hovudstaden på Vestlandet, som òg kallar seg den store havbruks-byen. \n\nSjømat Norge sin store årskonferanse, der regjeringa sin framlagde lakseskatt blei den store nyheitssaka. Innlegg og debatt til ei forsamling som er veldig, veldig opptatt av kysten, verdiskaping og sjømat.

Olve Grotle
2023-03-26 17:16:38

Tidenes landsmøte🙌 Hyggelege og blide folk, gode og konstruktive debattar, optimisme og gode vedtak for framtida.\n\nKven som fekk mest applaus utanom ei Erna💙i toppslag? Agnete Tjærandsen (ja, ho frå NRK). Ho er 90 år, og snakka engasjert og godt om helse og eit aldersvennleg samfunn. - Så må vi ikkje vere redde for å ta i bruk moderne teknologi eller løysinger, og heller ikkje kunstig intelligens - eller som eg likar å kalle det: gunstig intelligens💙💐👏👏👏

Olve Grotle
2023-03-26 12:12:27

Eg set i styret i Høgres Bedriftskanal, og vi har sjølvsagt vår eiga stand på landsmøtet💙

Olve Grotle
2023-03-25 14:32:25

-Nå må Høgre få Venstre inn i regjering igjen, med Erna som statsminister!\n \nPå Høgre sine landsmøter får vi ofte besøk av samarbeidande parti, og ein av dei som har besøkt oss i dag er Abid Raja (V).\n \nHer ein smakebit av lysarka han viste på den flotte helsingstalen han hadde😊

Olve Grotle
2023-03-25 11:36:10

Høgre er på distrikta og kysten, havbruket og jobbskaparane si side💙\n \nLandsmøtet har samrøystes slått fast følgjande om lakseskatten:\n \nHøgre vil:\n\n🔹Ha eit konkurransedyktig, stabilt og føreseieleg skattesystem, som kan sikre bærekraftig vekst, utvikling og innovasjon, og sikre Norges posisjon som verdsleiande havbruksnasjon.\n\n🔹Ha eit skattesystem som oppmuntrar til lokalt eigarskap, der verdiskapinga kjem lokalsamfunnet til gode.\n\n🔹Lytte til næringa, og vil ha vurdert ei innteksgradert produksjonavgift, eller andre modellar, slik næringa ber om.\n\n🔹Seie nei til regjeringa sitt forslag til grunnrenteskatt

Olve Grotle
2023-03-24 13:37:58

Då er Høgre sitt landsmøte i gang💙 Positiv, entusiastisk, og sprudlande Erna i gang med talen sin😊

Olve Grotle
2023-03-22 16:28:43

-Får man ikke flyttet statlige arbeidsplasser ut av Oslo, må visst distriktene heller krangle om de få de har. \n\nNå reagerer til og med Dagens Næringsliv på det som skjer. Mens Solberg-regjeringa flytta statlege arbeidsplassar ut av Oslo, vil Senterpartiet og Arbeiderpartiet heller at dei andre byane i landet skal krangle om dei få statlege arbeidsplassane dei alt har.

Olve Grotle
2023-03-21 16:14:39

Utan Knut Domstein og Svein Inge Fosse hadde ikkje Kalvåg sett ut slik tettstaden gjer i dag😊\n\nEg er gjesteskribent i Fiskeribladet, og skriv denne gangen om den store verdien av gründerar og jobbskaparar. \n\nEit godt døme på dette er Kalvåg. Frå å vere ei litt sovande og stille bygd, der det ikkje akkurat låg til rette for vekst, endra Domstein & Co og Knutholmen den flotte bygda til å bli ein plass med stor aktivitet, verdiskaping og attraktivitet.\n\nSkal vi lykkast i Norge, må vi legge til rette for at slike menneske får bruke evnene og skaparkrafta si i framtida òg....

Olve Grotle
2023-03-12 15:45:50

Mini-turne i Larvik og Sandefjord med Stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle, Politiker Guro Angell Gimse og Marius Malmer\n\nIndustri- og næringspolitikk hos EverZinc, kor høge straumprisar og den ekstra arbeidsgivaravgifta blei tatt opp.\n \nPilot Flight Academy utdannar pilotar, noko det – kanskje overraskande – kjem til å bli eit større behov for i åra framover.\n \nAmon Maritim held til i ærverdige a/s Kosmos sine gamle lokaler, og arbeider med utsleppsfrie ammoniakk-skip og infrastuktur.\n \nNorskskolen hos Larvik Læringsenter driv eit norskopplærings- og integreringsarbeid, som rett og slett er imponerande. Her er ein miks av tradisjonelle og nye og spennande måtar å lære norsk, og...

Laster...
Laster...