Person / Aktør:
Olve Grotle
Olve Grotle
Parti: H

Innlegg:
Gratulerer med frigjerings- og veterandagen🇳🇴🇳🇴🇳🇴\n\nDette er Vetehytta. Dagsturhytta på Veten i Bremanger. Målet for ein spektakulær fjelltur og eit fantastisk utsyn – du kan sjå så langt augo rekk.\n\nVed sida av dagsturhytta ligg eit slags krigsminnesmerke; restane av ei vakthytte tyskarane bygde under krigen. Formålet var å halde oppsyn med båttrafikken, og plasseringa var ikkje tilfeldig. For fjelltoppen Veten i Bremanger (527 moh), var ein del av det gamle vetesystemet langs kysten i mellomalderen.\n\nDet går mange historier om denne vakthytta, og kontakten bygdefolket hadde med soldatane som var stasjonert der. Det var nok ikkje tale om særleg motiverte tyske soldatar, men heller meir eller mindre utkommanderte og krigstrøytte soldatar som lengta heim. \n\nSjølv om desse historiene frå krigen kanskje minner lite om det som blir skildra i bøker og i filmar, går det likevel ei slags usynleg linje frå restane av vakthytta på Veten til alt det vi forbind med andre verdskrig: Tap av fred, fridom, demokrati, menneskerettar og menneskeverd, og til eit totalt mørke med eit absolutt nullpunkt for menneskeslekta; folkemorda i utryddingsleirane.\n\nFor mange som har tatt turen til veten det siste året har nok tankane gått til Ukraina og det ukrainske folket. For endå ein gang er det krig i Europa, og endå ein gang er det ein despot som står bak ein angrepskrig med ufattelege menneskelege lidingar, smerte og tap.\n\nÅ kome opp på Veten i Bremanger er godt for kropp og sjel, og ikkje minst kan ein glede seg over symbolikken som ligg i at ei krigshytte er blitt til ei fredeleg turhytte. Måtte det ukrainske folket få oppleve det same med sine krigsmerke. Måtte det ukrainske folket snart få oppleve fred. Måtte den ukrainske nasjonen få behalde sjølvstendet sitt🇳🇴🤝🇺🇦\n\nI dag feirar vi fred, demokrati og fridom. I dag takkar og minnast vi alle dei som kjempa for fridom, og alle dei som særleg fekk kjenne konsekvensane av krig og okkupasjon. I dag takkar og heidrar vi dei som har tenestegjort i internasjonale operasjonar for Norge, og som har kjempa for verdiane vårt demokratiske samfunn er tufta på.\n\nGratulerer med dagen til alle🇳🇴

Postet:
2023-05-08 10:19:44

Delt innhold:
Photos from Olve Grotle's post