Person / Aktør:
Olve Grotle
Olve Grotle
Parti: H

Innlegg:
Frå før har regjeringa kutta ut offentleg støtte til private helsetenester, særleg innan rus og psykiatri. Det har gjort at mange av dei mest sårbare og sjuke har blitt ståande utan tenleg tilbod. \n\nNå går Ap eit steg vidare, og vil kunne forby at det blir etablert helsetenester utanfor det offentleg. Sjukepleiarar, legar og andre helsearbeidarar skal altså ikkje har lov til å arbeide og utføre faget sitt andre plassar enn i det offentlege. \n\nAp sin kamp mot det private næringslivet, tar dessverre stadig nye former.\n\nVi skal eit godt og offentleg finansiert helsevesen, med eit rimeleg innslag av ideelle og private. Det har vore ei suksessoppskrift hos oss, ikkje minst fordi eit slikt mangfald stimulerer til nye behandlingsmetodar, innovasjon og nytenking.

Postet:
2023-05-09 19:05:57

Delt innhold:
Felles front mot Støre: – Svikter de svakeste
I det første fellesutspillet siden valget 2021 går de fire partiene på borgerlig side til frontalangrep på regjeringens helsepolitikk.