Person / Aktør:
Olve Grotle
Olve Grotle
Parti: H

Innlegg:
Utan Knut Domstein og Svein Inge Fosse hadde ikkje Kalvåg sett ut slik tettstaden gjer i dag😊\n\nEg er gjesteskribent i Fiskeribladet, og skriv denne gangen om den store verdien av gründerar og jobbskaparar. \n\nEit godt døme på dette er Kalvåg. Frå å vere ei litt sovande og stille bygd, der det ikkje akkurat låg til rette for vekst, endra Domstein & Co og Knutholmen den flotte bygda til å bli ein plass med stor aktivitet, verdiskaping og attraktivitet.\n\nSkal vi lykkast i Norge, må vi legge til rette for at slike menneske får bruke evnene og skaparkrafta si i framtida òg. Til å skape arbeidsplassar, verdiar og nye næringar. \n\nLykkast dei, må vi òg tole at dei kan tene pengar. Ja, til og med at nokre kan bli velståande.

Postet:
2023-03-21 16:14:39

Delt innhold: