Beta
Søket ga 1100 treff.

Visestatsministeren gir endeleg mine år på juridisk fakultet ved Universitet i Bergen den anerkjenninga dei fortener.

Krisepakken som me skal handsama i stortinget i dag er særs kostbar. Den er langt frå perfekt - men vil truleg gjera kvardagen «litt mindre verre» for mange bedrifter. Ei av sakene som eg har fått innspel frå fleire Sp-ordførarar både i og utanfor Rogaland er situasjonen for skitrekka og anna sesongbasert næringsliv. Glad for at stortinget får på plass ei ordning for dei. (Det gler ein tidlegare medlem av Jæren alpinklubb) Eg håper og at me kjem i mål med ei eiga ordning for reisearrangører. Det står att mykje politisk arbeid før ein er i mål for ulike næringer....

Les denne saka og kjenner eg er glad eg er politikar og ikkje advokat. Kjekkare å prøva å bygga opp enn å riva ned. (Så veit ikkje eg noko om den konkrete saka - så den vil eg ikkje meina noko om.)

Mange viktige vedtak på Stortinget i dag🍀

Viktig forslag frå Senterpartiet - eit parti som forstår industri!

Det er for tida høgt tempo i jobbinga med tiltakspakker på Stortinget. Det påverkar sjølvsagt andre saker som me har til handsaming både i Stortinget og i komiteen. Eg får nokre spørsmål om kva som skjer i næringskomiteen. Her ei kort orientering: Komiteen har - med ein del unntak - utsett alle saker me har til handsaming. Me skal ta stilling til vidare framdrift over påske. Fylgjande saker er det komiteen sitt mål å blir ferdige med 2. april: (Altså avgi innstilling på. Debatt og vedtak i Stortinget veit me ikkje noko om) - Eierskapsmeldingen (og representantforslag om lederlønninger Dok8:127S)...

Norsk næringsliv har det vanskeleg for tida. Du kan redde norske arbeidsplasser ved å kjøpe norske produkt. 🇳🇴 Kaffien er best i ein kopp frå Figgjo.

Innspurt med kvotemeldinga i Stortinget. Då nytter det ikkje å sitte i findressen i Oslo. Har difor teke turen til nord og Henningsvær for å tenka klart. Senterpartiet har klare standpunkt: - Nei til å gjera staten til største eigar av kvoter. - Respekt for inngåtte avtaler om strukturering. - Styrk kystflåten og fiskerisamfunna langs kysten. - Meir fisk må bearbeidast i Noreg. Og så synes eg det er trist at alle båtane i Henningsvær og elles langs kysten har fått auka avgift på drivstoff av H, Frp, V og KrF.

På veg til Svolvær. Skal fiske og henge rundt fram til onsdag morgen. Har du innspel til kva eg bør gjera når det ikkje er opplegg med fisketid - så send meg ei melding.

Tid for spørretime her på Facebook att. Skriv spørsmålet ditt i kommentarfeltet nedanfor. I kveld (torsdag) mellom 21 og 21.45 vil eg svare på spørsmåla. Det er berre å fyre laus med spørsmål alt no. [21.00: Då har eg funnet meg ein kopp kaffi og er klar til å svare på fb-appen på mobilen. Mykje spørsmål så det vert ikkje lange utgreiinger.] [21.54: Takk for mye gode spørsmål. Må runde av. Men kjør gjerne mer debatt i kommentarfeltet]

Matjorda vår må me ta betre vare på. I dag la eg på vegne av Sp fram mål om å halvera nedbygginga av dyrka mark innan 2026.

Spørretime i stortinget. Berre 13 stortingsrepresentanter i salen, men absolutt alle er frå Senterpartiet. 🍀🍀🍀 Kommunalministeren får kjørt seg.

Skal utfordre kommunalministeren i spørretimen på om han og regjeringa meiner at samanhengande bu- og arbeidsmarkedsregioner bør vera ein kommune. Det vil i så fall bety 4 kommunar i Rogaland. Eg meiner at no bør kommunane få bruke tida på å utvikla gode tenester til folk og gode naboskap. Spar oss for nye rundar med svake intensjonsavtaler på glansa papir.

Eg veit ikkje kor mange gonger me har gjort framlegg om ei «lov om god handelsskikk» i Stortinget. Eit arbeid med ei slik lov vart starta opp då Lars Peder Brekk (Sp) var landbruksminister. Det har altså teke særs lang tid. No har næringskomiteen samla lagt fram ei ny lov for stortinget, som vil bli vedteken neste torsdag. Mange har gjort ein jobb for at stemninga har snudd. Eg er ikkje i tvil om at det er naudsynt å regulera daglegvaremarknaden. Kjedemakta er blitt for stor. Lov om god handelsskikk løyser ikkje alt, men viser vilje til å gripe inn...

Etter mange år på tribunen er det på tide å ta ansvar og melde seg til teneste for ein fantastisk klubb. Så er det årsmøtet som skal velge klubben sitt styre - men kjekt å bli innstilt av valnemda. «Bryne æ best»

Hyggelege tal for Trygve! 🍀👏

Ungdomsorganisasjonen til «Miljøpartiet de grønne» vil ha meir genmodifisert mat. Det er grunn til å åtvara mot utviklinga i det partiet. Dei går med dette bort frå den «føre-var» haldninga me har til dette i Noreg.

Ein naudsynt konklusjon etter nokre veker med støy. Eg har ikkje delteke i noko jakt på statsrådens losjemedlemskap og etterløn - men fokusert meir på det politiske i at Sivertsen ga full tilslutnad til kvotemeldinga som hans forgjenger Nesvik (Frp) la fram. No treng me ein fiskeriministar som er meir oppteken av kystsamfunna og mindre oppteken av å flytta verdiar til Oslo.

Akkurat nå - Akkurat nå - Akkurat nå Fiskeriminister Geir Inge Sivertsen (H) snakker om fisk.

Sidan dagen då H, Frp, KrF, V, SV, MdG, Rødt (og Ap?) vedtok forbod mot pelsdyrnæringa, så har me i Senterpartiet jobba for å få på plass full erstatning for pelsdyrbøndene. Når alle parti utanom MdG går inn for full erstatning så meiner eg det er grunnlag for å skrive at me fekk fullt gjennomslag for vårt krav. Det likte ikkje Roy Steffensen i Frp at me skreiv. Om Roy ynskjer så kan eg peike på 4 personer i regjeringspartia som faktisk har gjort noko bra i denne saka: Roy Steffensen (Frp), Morten Ørsal Johansen (Frp), Michael Tetzschner (H) og...

Laster...
Laster...