Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Det er for tida høgt tempo i jobbinga med tiltakspakker på Stortinget. Det påverkar sjølvsagt andre saker som me har til handsaming både i Stortinget og i komiteen. Eg får nokre spørsmål om kva som skjer i næringskomiteen. Her ei kort orientering: Komiteen har - med ein del unntak - utsett alle saker me har til handsaming. Me skal ta stilling til vidare framdrift over påske. Fylgjande saker er det komiteen sitt mål å blir ferdige med 2. april: (Altså avgi innstilling på. Debatt og vedtak i Stortinget veit me ikkje noko om) - Eierskapsmeldingen (og representantforslag om lederlønninger Dok8:127S) - Representantforslag om Statskog Dok 8:50S - Representantforslag om fiskeindustrien Dok 8:27S - Representantforslag om norske lønns- og arbeidsvilkår Dok 8:18S Dette er alle saker der komiteen var nær ferdige med handsaminga når krisa traff. Komiteen har også sett opp "Kvotemeldinga" på lista over saker som skulle vera ferdig 2. april. Innstillinga til denne saka kjem ikkje til å bli ferdig 2. april eller før påske. Det er rett og slett fordi fleire parti meinte det ikkje var mogleg å bli ferdig med innstillinga på ein skikkeleg måte til fristen me hadde sett oss. Då er det fint at partia er rause med kvarandre og tek omsyn til korleis ein kan handsame sakene best mogleg. Det vil kome nærare informasjon når komiteen har teke stilling til ny framdrift i saka. Dette er ei avgjerd som kjem av Covid-19 utbrotet og ingen av dei andre grunnane som har vorte brukt for å påverke framdrifta i saka. I tillegg har me alt avgitt nokre saker under Korona-situasjonen. Det var ein sak om sjøtryggleik og ein sak om cruisenæringa. Desse var i praksis ferdige før det smalt. Så er det sånn at eg og truleg alle dei andre i næringskomiteen har fulle dagar med å snakke med bedrifter, organisasjoner, folk i eget parti, folk i andres parti om kva som må til for at verda etter krisa er mest mulig lik slik den var før krisa.

Postet:
2020-03-25 14:01:20