Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Krisepakken som me skal handsama i stortinget i dag er særs kostbar. Den er langt frå perfekt - men vil truleg gjera kvardagen «litt mindre verre» for mange bedrifter. Ei av sakene som eg har fått innspel frå fleire Sp-ordførarar både i og utanfor Rogaland er situasjonen for skitrekka og anna sesongbasert næringsliv. Glad for at stortinget får på plass ei ordning for dei. (Det gler ein tidlegare medlem av Jæren alpinklubb) Eg håper og at me kjem i mål med ei eiga ordning for reisearrangører. Det står att mykje politisk arbeid før ein er i mål for ulike næringer. Vidare må me framover setje inn turboen for å halde farten oppe i dei store tunge næringane våre. Olje og gass og maritime næringer. Greier me ikkje halde oppe trøkket her - så vil det få konsekvenser for heile landet. Så alle symbol-debattar må vente - no må me få gang på ting.

Postet:
2020-04-07 11:09:51

Delt innhold:
Ny krisepakke: Slik kan alpinanlegg og hoteller reddes
Håndsrekning til reiseliv og turistnæringen i kontantstøtteordning på Stortinget. Også olje- og leverandørindustrien kan glede seg til en pakke.