Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Sidan dagen då H, Frp, KrF, V, SV, MdG, Rødt (og Ap?) vedtok forbod mot pelsdyrnæringa, så har me i Senterpartiet jobba for å få på plass full erstatning for pelsdyrbøndene. Når alle parti utanom MdG går inn for full erstatning så meiner eg det er grunnlag for å skrive at me fekk fullt gjennomslag for vårt krav. Det likte ikkje Roy Steffensen i Frp at me skreiv. Om Roy ynskjer så kan eg peike på 4 personer i regjeringspartia som faktisk har gjort noko bra i denne saka: Roy Steffensen (Frp), Morten Ørsal Johansen (Frp), Michael Tetzschner (H) og Kristian Tonning Riise (H). 👏 Når Sp foreslår full erstatning i eit representantforslag og det etter handsaming i Stortinget vert full erstatning - då er det akkurat det same for meg om andre kaller det gjennomslag eller ikkje. Eg trur diskusjonar om kven som stemte mest for ei sak er ganske uinteressante for folk. Eg er glad for at me fekk eit fleirtal til slutt - og det var fornuften og rettferda som vann fram.

Postet:
2020-02-19 21:18:34

Delt innhold:
Regjeringen og Frp ble enige om pelserstatning – nå tar Senterpartiet æren
Både Sp nasjonalt og flere av partiets fylkeslag meldte at Senterpartiet fikk gjennomslag for full pels-kompensasjon. Nå beskyldes partiet for løgn.