Beta
Søket ga 1100 treff.

Fleirtalet i Time kommunestyre valgte med 14 mot 13 stemmer å gå inn for nedbygging av 150 dekar matjord på Re. Fleirtalet Høgre, Frp, Ap (2 av 3) og 2 uavhengige stemte nei til matjorda. Trist.

Kvifor er det akkurat no det er på sin plass å leggja ned Hognestad skule? Bygda har hatt skule sidan 1865. Tenk då hadde me råd til å ha skule her. Bilete eg har nytta er frå midten av 1920-talet. Då hadde me råd til å ha skule her. Då farmor mi byrja på skulen i 1936 hadde me råd til å ha skule på Hognestad. Det er plutseleg no i 2020 at me ikkje har råd å gje ungane i Hognestadbygda eit skuletilbud. Det er no dei skal miste navet i bygda. Tek dei skulen - så øydelegg dei...

Eg er 100 % uenig med næringsministeren. Det er totalkrise i reiselivet. Nybø er sikkert oppgira over at det var mange nordmenn på norgesferie. I 3 uker kravla me over kvarandre på turiststadane i Norge. Men ingen kan leve eit heilt år av inntekta frå ein månad. Ho argumenterer for at det ikkje er eit problem å løyse. Nybø seier dette fordi regjeringa ikkje vil stille opp for reiselivsnæringa vår. Sanninga er at om me ikkje set inn målretta tiltak - så kan regioner knekke ryggen og heile bygder forsvinne. Kva kan ho gjera: Frå 1. oktober har regjeringa og...

Eg har lyst å gratulera partileiaren og Hedmark Sp med denne målinga! 27,9 % er sterkt. Når Senterpartiet får større oppslutning enn Arbeiderpartiet i Hedmark - så er det noko heilt nytt. Samstundes er det heilt logisk: Me har ein politikk som treff dei som bur i Hedmark betre enn politikken til andre parti. Hedmark er både sentralt og distrikt på ei gong - og det er ikkje tvil om at dei som bur her tener på ein politikk som ser heile Norge og politikarar som forstår kvardagen til folk.

Det er veldig rart at regjeringa med pinlig nøyaktighet greier å si hvilke regioner i Sverige og Danmark vi kan reise i med og uten karantene. Samtidig som den samme regjeringen ikke greier å skille mellom en fotballstadion og en innendørssal. Her er det maksimalt 200 personer uansett.

Ja til norske lastebiler og transportnæring. Var på besøk hos Ørland Transport i dag. Diskuterte veier, norske arbeidsplasser, miljø og trafikk. Dagleg leiar i Ørland Transport Kjell Haugland, fylkesleiar i lastebileigarforbundet Tore Sigmundsen og bak kamera Reidar Retterholt regionsjef i lastebileigarforbundet. Det blei en god drøs.

Trygve snakker til stortingsgruppa om korleis Senterpartiet skal gjera eit godt val i 2021. Stortingsgruppa til Senterpartiet møtes i dag på taket av Youngstorget for å diskutere strategi og politiske saker. Me har samlinga høgt oppe - men me har beina trygt plassert på bakken og ein jordnær politikk. 🍀🍀🍀

Styrene til statlege selskap er dominert av folk frå Oslo-området. Det meiner Senterpartiet er feil politikk - me meiner det er ein styrke å rekruttera frå heile landet. Regjeringa forstår ikkje problemet og kjem difor ikkje til å vera i stand til å fikse det.

I 2017 gjorde Senterpartiet eit kjempevalg med 10,3% No ligg målingane på 13-15 % Det er eit strålande utgangspunkt og motiverer sterkt til vidare innsats.

Sjøfolka har alltid tatt støyten i kriser - dei sørger for at det er datamaskiner, bensin og klær i butikken. Dei gjør det mulig å halde hjula i gang. Dei sørger blant anna for å frakte råstoff og utstyr til fabrikker og anlegg i Norge. Gjennom heile Koronakrisen har dei gjort den jobben. Nå må me som en stor sjøfartsnasjon gjøre meir for å få sjøfolka heim til sine familier. Norge må ta eit globalt lederskap i denne kampen - difor må statsministeren på banen nå!

Eit lite svarinnlegg til Olaug Bollestad og KrF i VG. Bollestad vil helst snakke om alt det fine KrF meinte i 2013. Eg likte godt 2013-utgåven av KrF. Eg likte til og med 2018-utgåven av KrF. Det er 2020-utgåven av partiet eg kritiserer. Betre jordvern og styrka beredskap burde ikkje ha vore saker som splitta SP og KrF. Slik er det diverre blitt.

Dei skal flytte ein vegg i Oslo. Sjølvsagt vert dette toppsak på vg.no Eg er trygg på at det skjer tusen ting rundt omkring i Norge no som er viktigare enn dette. Eit godt døme på korleis lokalnytt frå hovudstaden blir nasjonale nyheter. Eg vil berre melde at me er litt lei av det.

Eg meiner det er all grunn til å kjempe mot matkjedene si makt. Eg meiner og at maten me et skal bidra til norsk verdiskaping og norske arbeidsplasser. Det gjer verken Rema 1000 eller Norgesgruppen sine kopiar. Dette handlar ikkje om vaniljesaus. Det handler om norske arveidsplasser og verdiskaping. Handlevogna di betyr noko.

Sidan det ikkje er lov å ha med gjester på Stortinget denne sommeren - så har eg laga denne videoen.

I eit innlegg i Nationen skriv Høgre sin landbrukspolitiske talsperson om kor keisam tacoen vil verta om me ikkje får importert mat. (grensene stenger) Eg vil difor gje Høgre nokre tips om kva ein kan ha i tacoen - for «norsk taco» er ikkje så verst: - Norsk kjøttdeig - Norsk ost - Norsk rømme - Norsk lauk - Norsk tomat - Norsk agurk - Norsk salat Så får ein vera litt kreativ når det kjem til resten. Guacamole bør ein få til med litt fantasi. Sausen fikser ein lett med lokale ingredienser. Lefsa baker du sjølv - eller bytter...

Både Jens Stoltenberg og Erna Solberg har vore i Rogaland og snakka om Rågfast. Min partikollega Emilie Enger Mehl er av eit anna kaliber og veit at dette betyr noko! Me i Rogaland slit rett og slett med å ha tillit til Rågianerne. Av dette kom denne fornøyelege sms-utvekslinga i går.

Erna Solberg: nå må du både på banen og av banen. Koronasmitte gjør nå at 20 personer i Norge ligger på sykehus. I store deler av landet har det ikke vært noen tilfeller av korona på uker og måneder. Kraftfulle tiltak og innsats frå mange har gitt resultater. I en slik situasjon er det absurd at det trengs en statsminister og to statsråder for å gjennomføre en daglig pressekonferanse. (25.06.20) Årsaken til den politiske deltakelsen er definitivt ikke faglig. Den er politisk. En god måte å holde dramaet ved like og vise frem lederskapet. Jeg mener det er helt rett...

Regjeringa med ein ny milepæl: No skal det å lage lover privatiseres og ut på anbod. Dette er ei feil utvikling - og som Sp vil ha ein slutt på. ((Tenk deg at H, V og KrF (med Frp som fast støtteparti) hadde fleirtal i 1814. Då hadde «Constitution Consulting» gjort jobben med å utforme Grunnlova.))

Eg har teke på meg oppgåva med å sjå Trøndelag og trøndere utanfrå. For at nokon skal gidde å lese så vil eg bidra til debatten på ein lettbeint og personleg måte. Håper folk forstår at det er det motsette av å vera lettvint. Det vil seie at eg ikkje har tenkt å skrive desse kommentarene: «Trøndelag viktig for det grøne skiftet» «Trøndelag motoren i omstillinga» «Trøndelag tar Norge ut av krisen» «Trøndelag midt mellom nord og sør»

Før me tek sommerferie så blir det i kveld ein «skriftleg» spørretime. Den starter klokka 22.30 og varer til 23 i kveld. Legg inn ditt spørsmål i kommentarfeltet under bilete👇 Det kan du gjera frå no av og så svarer eg frå klokka 22.30.

Laster...
Laster...