Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Eg er 100 % uenig med næringsministeren. Det er totalkrise i reiselivet. Nybø er sikkert oppgira over at det var mange nordmenn på norgesferie. I 3 uker kravla me over kvarandre på turiststadane i Norge. Men ingen kan leve eit heilt år av inntekta frå ein månad. Ho argumenterer for at det ikkje er eit problem å løyse. Nybø seier dette fordi regjeringa ikkje vil stille opp for reiselivsnæringa vår. Sanninga er at om me ikkje set inn målretta tiltak - så kan regioner knekke ryggen og heile bygder forsvinne. Kva kan ho gjera: Frå 1. oktober har regjeringa og støttepartiet Frp bestemt at momsen på reiseliv skal aukast att frå 6 % til 12 %. Det er definitivt ikkje tida for å doble avgifta på reiseliv no. Senterpartiet vil ha låg moms ut 2020 og i 2021. I tillegg kan regjeringa gå saman med kommunane og ruste opp reiselivet. Til dømes toalett og parkering på dei mest populære attraksjonane. Me må og drive marknadsføring ute i verda - slik at når dette er over - så er det til Norge folk vil dra for å overnatte, oppleve og bruke pengar. Eg har nylig vore på tur på Sunnmøre og møtt reiselivsaktørar. Tilbakemeldinga var heilt klar: 1. Det er krise. 2. Dei vil helst klare seg sjølv. 3. Men no treng dei hjelp. Senterpartiet vil ha ein kraftfull pakke for reiselivet no i haust. Behovet for det kan ikkje regjeringa og støttepartiet Frp koma seg unna!

Postet:
2020-09-12 09:46:49

Delt innhold: