Innlegg:
I eit innlegg i Nationen skriv Høgre sin landbrukspolitiske talsperson om kor keisam tacoen vil verta om me ikkje får importert mat. (grensene stenger)
Eg vil difor gje Høgre nokre tips om kva ein kan ha i tacoen - for «norsk taco» er ikkje så verst:
- Norsk kjøttdeig
- Norsk ost
- Norsk rømme
- Norsk lauk
- Norsk tomat
- Norsk agurk
- Norsk salat
Så får ein vera litt kreativ når det kjem til resten. Guacamole bør ein få til med litt fantasi. Sausen fikser ein lett med lokale ingredienser.
Lefsa baker du sjølv - eller bytter ut med papir.
Då står ein att med tacokrydderet. Er det her Høgre si uro ligg, så bør dei jo oppmode folk om å ha kriselager av Santa Maria Tex Mex Taco krydder. Dette vil uansett bygge seg opp automatisk all den tid det selges i 3 pk og du aldri husker om det er tomt eller ikke når du er i butikken, så du kjøper en ny sånn i tilfelle.
Eg trur nok at svaret på Høgre si uro er eit anna: Dei er nøgde med matvareberedskapen i Noreg og får berre kreative innspel frå Høgre si enorme PR-avdeling på Stortinget om at det med taco er en fin trussel.
God tacohelg med flotte råvarer.
Postet:
2020-07-04 10:04:54