Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Kvifor er det akkurat no det er på sin plass å leggja ned Hognestad skule? Bygda har hatt skule sidan 1865. Tenk då hadde me råd til å ha skule her. Bilete eg har nytta er frå midten av 1920-talet. Då hadde me råd til å ha skule her. Då farmor mi byrja på skulen i 1936 hadde me råd til å ha skule på Hognestad. Det er plutseleg no i 2020 at me ikkje har råd å gje ungane i Hognestadbygda eit skuletilbud. Det er no dei skal miste navet i bygda. Tek dei skulen - så øydelegg dei bygda. Bygdene i Time kommune merkar konsekvensane av den kalde blå vinden. Vestly rauk fyrst. Så gjekk ungdomstrinnet på Undheim. No har dei sett augene på Hognestad. Kva er det som har gjort at me i tiår etter tiår har hatt ein skule på Hognestad, men i 2020 er det blitt for dyrt? Skal me finne oss i dette? Og skal folk i Hognestadkrinsen finne seg i dette? Sjølvsagt skal dei ikkje det. Dei skal kjempe for bygda si - og no må folk i andre bygder vakna og kjempa saman med dei. For neste gong er det di bygd høgrefolka vil ta. Senterpartiet skal vera eit reiskap for alle som er glad i bygda si. Vårt krav er klart: Skulen på Hognestad skal bestå og den skal rustas opp. For døyr skulen - så døyr bygdå. Heia Hognestad!

Postet:
2020-09-14 08:32:27

Delt innhold: