Beta
Søket ga 333 treff.

Torsdag 17/2 (ca kl 11) blir det debatt i Stortinget om korleis vi kan få til meir heilskapleg organisering av og auka tilgang til fleksibel, desentralisert høgare utdanning i Distrikts-Noreg. \n\nDå kjem Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe til Stortinget for å svare på interpellasjonen min om temaet, og alle andre stortingsrepresentantar som ønskjer det kan delta i debatten. \n\nFølg gjerne med på Stortinget si nett-tv-sending - og send gjerne dine innspel før debatten direkte på meg pr Messenger eller epost\n\n

No MÅ vi rydde opp! Skal Noreg bygge nye verdiar og nye bedrifter over heile landet, må vi ønskje folk som vil bidra velkomne - ikkje stenge dei ute med ein vegg av meiningslaust byråkrati.\n\nNo tar vi i Venstre kampen for å gjere det lettare for utanlandske gründerar, investorar og arbeidstakarar med spesialist-kompetanse å satse i Norge. Vårt Dok8-forslag om dette ligg til behandling i Stortinget no - les meir her

Vi klarte det – no skal grisane få det betre!\n\nI den mest nervepirrande voteringa så langt i stortingsperioden, fekk Venstre i dag FLEIRTAL 54-48 i Stortinget for betre dyrevelferd – mot regjeringspartia Ap/Sp og Krf sine røyster. No skal ei ny dyrevelferdsmelding kome raskare og ikkje bli trenert av regjeringa heilt til slutten av stortingsperioden. Vi stiller tydelege krav frå Stortinget om kva ei ny dyrevelferdsmelding skal innehalde og regjeringa må starte arbeid med strakstiltak for å betre dyrevelferden for gris. \n\nEg er glad for det store engasjementet for dyrevelferd vi har sett dei siste vekene. Regjeringspartia har diverre stritta imot absolutt alt vi har foreslått, men ein uvanleg brei politisk allianse av heile sju opposisjonsparti - Venstre, Høgre, SV, Frp, Rødt, MDG og Pasientfokus – sørga likevel i dag for fleirtal for betre dyrevelferd. \n\nEg vil takke det breie fleirtalet av parti som saman no sørger for at dyr i Noreg kan få det endå betre – og for alle gode innspel frå organisasjonar og andre undervegs i arbeidet.\n\nDå Venstre i november la fram ein samla pakke tiltak for betre dyrevelferd, for produksjonsdyr generelt og spesielt for gris, så var det med eit klart formål. Det var IKKJE ei «politisk markering» for å bli røysta ned. Det var IKKJE fordi vi meiner dyrevelferden i norsk landbruk generelt er dårleg – for det er han ikkje. \n\nNei, det var fordi vi hadde ei oppriktig tru på at dei forslaga vi la fram, var mulige å samle fleirtal om – og med det endre landet vårt til det betre for dyra våre – og samtidig gjere tilliten til norsk landbruk blant forbrukarane endå høgare. Og det lukkast! God dyrevelferd er bra både for bønder, dyr og forbrukarar. \n\nNo skal det allereie i 2023 kome ei heilskapleg dyrevelferdsmelding for ALLE dyr vi menneske styrer livet til: Kjæledyr, dyr i landbruket og fiskeoppdrett. Det er vi veldig godt nøgde med. Og eg kan her og no varsle at Venstre vil kome med nye initiativ for betre dyrevelferd – ikkje minst for kjæledyra våre. \n\nArbeidet med betre dyrevelferd må halde fram – og Venstre kjem til å stå i første rekke! Med Ingvild Wetrhus Thorsvik - Venstre\n\nDagens vedtak i Stortinget er som følgjer: \n\nI\nStortinget ber regjeringen se på insentiver som vil øke dyrevelferden i svinenæringen, særlig med hensyn til areal, underlag og miljøberikelse, og stille strengere krav til dyrevelferd ved oppgraderinger av driftsbygninger eller nybygg.\n\nII\nStortinget ber regjeringa legge fram ei heilskapleg stortingsmelding om dyrevelferd som omfattar både produksjonsdyr i landbruket, kjæledyr og fiskeoppdrett, seinast i vårsesjonen 2023. Regjeringa vert beden om å greie ut og foreslå konkrete tiltak i meldinga både for betra dyrevelferd generelt og for spesifikke artar/grupper av dyr, herunder følgjande tema:\n\n- å greie ut korleis økonomiske verkemiddel i landbrukspolitikken kan innrettast på ein måte som løner god dyrevelferd.\n\n- å greie ut korleis norsk regelverk vil måtte endrast ved implementering av EU sitt varsla forbod mot hald av dyr i bur og trange bingar.\n\n- å greie ut Mattilsynet sin kontroll- og rettleiingsfunksjon og trong for ressursar for å sikre tilstrekkeleg oppfølging av dyrevelferden i landbruket.\n\n- å greie ut merkeordningar som gjer det lettare for forbrukaren å velje dyrevenlege produkt. Ei slik merkeordning kan vere statleg eller privat.\n\n- å greie ut korleis grisar kan sikrast betre tilgang til uteareal, til dømes gjennom tilskots- eller merkeordningar, eventuelt gjennom endringar i lovverket.\n\nIII\nStortinget ber regjeringa sørge for at det vert forska på alternativ til CO2-bedøving av dyr i slakteri og kverning av hanekyllingar (maserasjon), med mål om at det vert innført betre metodar for avliving, og at det på sikt kan innførast eit forbod mot dagens praksis.

Vi klarte det – no skal grisane få det betre!\n\nI den mest nervepirrande voteringa så langt i stortingsperioden, fekk Venstre i dag FLEIRTAL 54-48 i Stortinget for betre dyrevelferd – mot regjeringspartia Ap/Sp og Krf sine røyster. No skal ei ny dyrevelferdsmelding kome raskare og ikkje bli trenert av regjeringa heilt til slutten av stortingsperioden. Vi stiller tydelege krav frå Stortinget om kva ei ny dyrevelferdsmelding skal innehalde og regjeringa må starte arbeid med strakstiltak for å betre dyrevelferden for gris. \n\nEg er glad for det store engasjementet for dyrevelferd vi har sett dei siste vekene. Regjeringspartia har diverre stritta...

Det einaste distriktspolitiske grepet den nye regjeringa har kasta seg over med entusiasme, er reversering. No må alarmen gå for alle som ønskjer eit Distrikts-Noreg i utvikling. \n\nEg skriv i Dagens Næringsliv i morgon om framoverretta vs bakoverretta distrikspolitikk: Distrikts-Noreg si framtid er lys – dersom vi spelar på lag med verda rundt oss.\n\n

Representantforslag om omstillings- og stimuleringstiltak for reiselivet og serverings-, kultur- og utelivsbransjen etter koronapandemien

Representantforslag 94 S (2021–2022)

Ein gledens dag - endeleg! Eg er glad for at regjeringa i dag gjer "kort prosess" med dei gjenverande smitteverntiltaka, og at vi frå no av skal handsame korona som en vanlig sesonginfluensa. Dette er viktig for folk, bedrifter, kulturliv, idrett og frivilligheit landet rundt!

Vedum må slutte å undergrave Vestland!\n\nNo må det bli slutt på at Finansminister og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum nyttar posisjonen sin til å undergrave nye Vestland fylke. No må Vestland få bruke tid og energi på å utvikle seg og skape vekstkraft og gode tenester for innbyggarane, ikkje bli brukt som ei brikke i Vedum sitt politiske spel for å rive Noreg opp i mindre bitar.\n\nI dag sa Vedum på NRK Politisk kvarter at det er berre to fylke i Norge som er ønska: Trøndelag og Agder. Dette trass i at Vestland fylke er oppretta ut frå vedtak i fylkestinga...

Frå gardsbesøk i Nordfjord i går til besøk hos Startup Norway sitt boblande campus i hjartet av Oslo i dag: Livet som næringspolitikar for heile landet er variert, og utruleg kjekt!\n\nOg forskjellen mellom dei offensive bøndene Torbjørn&Reidun på Bjørhovde og Knut Wien& Even Ifar Fossland i Startup Norway på Grønland i Oslo er ikkje så stor som ein skulle tru. Å vere gründer og bygge bedrifter handlar om ukueleg pågangsmot, vilje til å «stå i det» over lang tid, enormt mykje arbeid og ei ekte glede over å sjå ting vekse og utvikle seg – og å spele på lag...

Triveleg og inspirerande besøk i den snart innflyttingsklare nye-fjøsen til Torbjørn Nes Hjelle og Reidun Smørdal Hjelle på Bjørhovde i Stad kommune, på invitasjon frå Vestland Bondelag og Eid Bondelag. Ei flott «oppvarming» til stortingsdebatt og vedtak om dyrevelferd seinare i veka!\n\nTorbjørn og Reidun er unge bønder som satsar offensivt - OG tenkjer god dyrevelferd. På garden på Bjørhovde byggjer dei ein romsleg og tipp topp moderne lausdriftsfjøs for 25-30 mjølkekyr, med gjennomtenkte løysingar for at dyra skal ha det bra frå A til Å (som til dels går betydeleg ut over minimumskrava i lovverket). Fjøsen er bygd i tre...

Triveleg og inspirerande besøk i den snart innflyttingsklare nye-fjøsen til Torbjørn Nes Hjelle og Reidun Smørdal Hjelle på Bjørhovde i Stad kommune, på invitasjon frå Vestland Bondelag og Eid Bondelag. Ei flott «oppvarming» til stortingsdebatt og vedtak om dyrevelferd seinare i veka!\n\nTorbjørn og Reidun er unge bønder som satsar offensivt - OG tenkjer god dyrevelferd. På garden på Bjørhovde byggjer dei ein romsleg og tipp topp moderne lausdriftsfjøs for 25-30 mjølkekyr, med gjennomtenkte løysingar for at dyra skal ha det bra frå A til Å (som til dels går betydeleg ut over minimumskrava i lovverket). Fjøsen er bygd i tre...

Venstre er klare for å stille opp med 1 milliard i straumstøtte til små og mellomstore bedrifter som slit med høge straum-rekningar - og meir dersom det syner seg nødvendig. \n\nDet er bra at regjeringa no kjem til Stortinget med ei sak om straum-støtte til landbruket - men det er ikkje akseptabelt for Venstre at andre bedrifter som slit tilsvarande og brukar mykje straum (for eksempel sagbruk, bakeri, vaskeri og mange små industribedrifter) blir lagt i stikken. \n\nFørst prøvde regjeringa i kjent stil å skulde på EØS for at dei ikkje vil hjelpe småbedriftene. No er den bløffen heldigvis avslørt...

Lihkku beivviin! Gratulerer med den samiske nasjonaldagen!\n\nEin viktig dag for å lære om og forstå kampen for samiske rettar, som ikkje er over. Men også ein dag for å feire samisk kultur og gle seg i lag med det samiske folket. God nasjonaldag!

Laster...
Laster...