Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre

Parti: V

Innlegg:
Frå gardsbesøk i Nordfjord i går til besøk hos Startup Norway sitt boblande campus i hjartet av Oslo i dag: Livet som næringspolitikar for heile landet er variert, og utruleg kjekt!\n\nOg forskjellen mellom dei offensive bøndene Torbjørn&Reidun på Bjørhovde og Knut Wien& Even Ifar Fossland i Startup Norway på Grønland i Oslo er ikkje så stor som ein skulle tru. Å vere gründer og bygge bedrifter handlar om ukueleg pågangsmot, vilje til å «stå i det» over lang tid, enormt mykje arbeid og ei ekte glede over å sjå ting vekse og utvikle seg – og å spele på lag med gode folk rundt seg.\n\nNettopp det siste er nøkkelen til det Startup Norway har bygd dei siste ti åra: Dei er i dag landets største og fremste "paraplyorganisasjon" for å hjelpe startup-selskap med vekstambisjonar til å lykkast med å bygge veksten dei er ute etter, kobler gründerarar og investorar, og lage eit komplett «økosystem» for vekstselskap som skal ta steget frå Noreg ut i ein global marknad. Med heile Noreg som nedslagsfelt, og kurs, arrangement og aktivitet over heile landet.\n\nVi fekk oss ein god «oppstartsprat» på kva som må til å få meir fart på norsk gründer- og vekstbyggings-politikk for nystarta bedrifter. Vi lever i ei tid der det er lettare enn nokonsinne for nystarta bedrifter med dei rette folka og rette ideane å vekse seg store raskt – dersom nettverk, kompetanse og nødvendige finansielle musklar er på plass.\n\nVenstre er og skal vere gründer og startup-parti nr 1 i Noreg – no skal vi finne flaksehalsane, utvikle ny politikk og få fram kreative løysingar saman med både Startup Norway og mange andre gode krefter landet rundt.

Postet:
2022-02-08 20:29:28

Delt innhold: