Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:

Postet:
2022-02-15 17:28:45

Delt innhold:
Vi klarte det – no skal grisane få det betre!\n\nI den mest nervepirrande voteringa så langt i stortingsperioden, fekk Venstre i dag FLEIRTAL 54-48 i Stortinget for betre dyrevelferd – mot regjeringspartia Ap/Sp og Krf sine røyster. No skal ei ny dyrevelferdsmelding kome raskare og ikkje bli trenert av regjeringa heilt til slutten av stortingsperioden. Vi stiller tydelege krav frå Stortinget om kva ei ny dyrevelferdsmelding skal innehalde og regjeringa må starte arbeid med strakstiltak for å betre dyrevelferden for gris. \n\nEg er glad for det store engasjementet for dyrevelferd vi har sett dei siste vekene. Regjeringspartia har diverre stritta imot absolutt alt vi har foreslått, men ein uvanleg brei politisk allianse av heile sju opposisjonsparti - Venstre, Høgre, SV, Frp, Rødt, MDG og Pasientfokus – sørga likevel i dag for fleirtal for betre dyrevelferd. \n\nEg vil takke det breie fleirtalet av parti som saman no sørger for at dyr i Noreg kan få det endå betre – og for alle gode innspel frå organisasjonar og andre undervegs i arbeidet.\n\nDå Venstre i november la fram ein samla pakke tiltak for betre dyrevelferd, for produksjonsdyr generelt og spesielt for gris, så var det med eit klart formål. Det var IKKJE ei «politisk markering» for å bli røysta ned. Det var IKKJE fordi vi meiner dyrevelferden i norsk landbruk generelt er dårleg – for det er han ikkje. \n\nNei, det var fordi vi hadde ei oppriktig tru på at dei forslaga vi la fram, var mulige å samle fleirtal om – og med det endre landet vårt til det betre for dyra våre – og samtidig gjere tilliten til norsk landbruk blant forbrukarane endå høgare. Og det lukkast! God dyrevelferd er bra både for bønder, dyr og forbrukarar. \n\nNo skal det allereie i 2023 kome ei heilskapleg dyrevelferdsmelding for ALLE dyr vi menneske styrer livet til: Kjæledyr, dyr i landbruket og fiskeoppdrett. Det er vi veldig godt nøgde med. Og eg kan her og no varsle at Venstre vil kome med nye initiativ for betre dyrevelferd – ikkje minst for kjæledyra våre. \n\nArbeidet med betre dyrevelferd må halde fram – og Venstre kjem til å stå i første rekke! Med Ingvild Wetrhus Thorsvik - Venstre\n\nDagens vedtak i Stortinget er som følgjer: \n\nI\nStortinget ber regjeringen se på insentiver som vil øke dyrevelferden i svinenæringen, særlig med hensyn til areal, underlag og miljøberikelse, og stille strengere krav til dyrevelferd ved oppgraderinger av driftsbygninger eller nybygg.\n\nII\nStortinget ber regjeringa legge fram ei heilskapleg stortingsmelding om dyrevelferd som omfattar både produksjonsdyr i landbruket, kjæledyr og fiskeoppdrett, seinast i vårsesjonen 2023. Regjeringa vert beden om å greie ut og foreslå konkrete tiltak i meldinga både for betra dyrevelferd generelt og for spesifikke artar/grupper av dyr, herunder følgjande tema:\n\n- å greie ut korleis økonomiske verkemiddel i landbrukspolitikken kan innrettast på ein måte som løner god dyrevelferd.\n\n- å greie ut korleis norsk regelverk vil måtte endrast ved implementering av EU sitt varsla forbod mot hald av dyr i bur og trange bingar.\n\n- å greie ut Mattilsynet sin kontroll- og rettleiingsfunksjon og trong for ressursar for å sikre tilstrekkeleg oppfølging av dyrevelferden i landbruket.\n\n- å greie ut merkeordningar som gjer det lettare for forbrukaren å velje dyrevenlege produkt. Ei slik merkeordning kan vere statleg eller privat.\n\n- å greie ut korleis grisar kan sikrast betre tilgang til uteareal, til dømes gjennom tilskots- eller merkeordningar, eventuelt gjennom endringar i lovverket.\n\nIII\nStortinget ber regjeringa sørge for at det vert forska på alternativ til CO2-bedøving av dyr i slakteri og kverning av hanekyllingar (maserasjon), med mål om at det vert innført betre metodar for avliving, og at det på sikt kan innførast eit forbod mot dagens praksis.