Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Triveleg og inspirerande besøk i den snart innflyttingsklare nye-fjøsen til Torbjørn Nes Hjelle og Reidun Smørdal Hjelle på Bjørhovde i Stad kommune, på invitasjon frå Vestland Bondelag og Eid Bondelag. Ei flott «oppvarming» til stortingsdebatt og vedtak om dyrevelferd seinare i veka!\n\nTorbjørn og Reidun er unge bønder som satsar offensivt - OG tenkjer god dyrevelferd. På garden på Bjørhovde byggjer dei ein romsleg og tipp topp moderne lausdriftsfjøs for 25-30 mjølkekyr, med gjennomtenkte løysingar for at dyra skal ha det bra frå A til Å (som til dels går betydeleg ut over minimumskrava i lovverket). Fjøsen er bygd i tre av lokale entrepenørar eit stykke vekk frå gardstunet, og med rikeleg beite- og uteområde rundt fjøsen. \n\nI tillegg til mjølk, driv Torbjørn og Reidun også med sau (60 vinterfora sauer) og egg (7500 frittgåande høner). Torbjørn er også veterinær, medan Reidun har gardsbruket som heiltids arbeidsplass.\n\nSaman med Vestland Bondelag-sjef Anders Felde, Eid Bondelag-sjef Knut Tore Nes Hjelle og Runar Haugland frå Tine hadde vi gode diskusjonar om kva som er viktig for å sikre god dyrevelferd i Vestlands-landbruket. Korleis vi får løfta alle, og å finne balansen mellom myndighetskrav og initiativ frå næringa sjølv. \n\nMellom anna blir det i desse dagar rulla ut eit eige dyrevelferdsprogram for storfe, som alle dei ca 10.000 gardane i Noreg med storfe-besetningar på meir enn 10 dyr skal inn i før 1. mai 2023. Her skal dyrevelferdskrav i regelverket, dyrevelferdstiltak utover regelverket og dyrehelse dokumenterast og viderutviklast, i samarbeid mellom veterinær og bonden på kvar gard.\n\nVi var heilt enige om at god dyrevelferd er og skal vere eit viktig kjennemerke ved norsk landbruk – og at det er heilt rett å få på plass ei ny, samla Stortingsmelding om dyrevelferd som blir pusha fram og kjem raskare enn det regjeringa la opp til, slik Stortinget truleg vil vedta om få dagar.\n\nEin super start på veka saman med unge bønder som satsar og får det til – og mykje god kunnskap å ta med seg vidare på eit område der det skjer ei rivande utvikling!

Postet:
2022-02-08 08:27:49

Delt innhold:
Photos from Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre's post