Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Vedum må slutte å undergrave Vestland!\n\nNo må det bli slutt på at Finansminister og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum nyttar posisjonen sin til å undergrave nye Vestland fylke. No må Vestland få bruke tid og energi på å utvikle seg og skape vekstkraft og gode tenester for innbyggarane, ikkje bli brukt som ei brikke i Vedum sitt politiske spel for å rive Noreg opp i mindre bitar.\n\nI dag sa Vedum på NRK Politisk kvarter at det er berre to fylke i Norge som er ønska: Trøndelag og Agder. Dette trass i at Vestland fylke er oppretta ut frå vedtak i fylkestinga i begge dei tidlegare fylka, og det er heller ikkje tatt noko initiativ frå Vestland fylkesting om å splitte opp att det nye fylket og vende nasen attende til gamle dagar.\n\nEg har no stilt følgande spørsmål til Kommunal- og distriktsministeren, for å få avklart om Vedum sin polemikk har støtte frå konstitusjonelt ansvarleg statsråd på området:\n\nEr kommunal- og regionalministeren enig med finansministeren i at det ikkje var fleirtal i fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane for å opprette Vestland fylke?\n\nSjå meir på

Postet:
2022-02-09 11:32:13

Delt innhold:
Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kommunal- og distriktsministeren
Er kommunal- og regionalministeren enig med finansministeren i at det ikkje var fleirtal i fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane for å opprette Vestland fylke?