Beta
Søket ga 444 treff.
Hadia Tajik
2021-08-03 05:29:11

Ute av heimen kl 0500 i dag. Smurte meg to brødskiver med smør, ost og fårepølse for å kunne ete frokost undervegs. Kva liker du å ha i matpakka? ☺️ Eg skal mellom anna til Namdalen og Inderøya, for å fortelje om Arbeiderpartiet sin politikk for gratis skulefritidsordning for 1. klassingane og korleis me kjem til å prioritere lågterskeltilbud for betre psykisk helse. Med ei Ap-leia regjering vil velferd for alle vere viktigare enn skattekutt for dei rikaste ✊🏻🌹

Hadia Tajik
2021-07-30 18:41:07

I dag kom endå ei måling som peiker rett veg for Arbeiderpartiet ↗️☺️ 26,9 %, største parti, og fleirtal med Sv og Sp. Då var det ekstra motiverande å starte valkampen med å farge Trøndelag raudt i dag saman med gode partifeller og AUF 🤩

Hadia Tajik
2021-07-29 10:43:53

Hvis du har eit kvarter til overs, så kan du verte betre kjent med Arbeiderpartiet sin politikk og med meg i denne lenka ☺️ https://radio.nrk.no/podkast/politisk_kvarter/l_8cbff16f-2ee2-42cd-bff1-6f2ee2e2cd55

Hadia Tajik
2021-07-23 10:28:29

Eg vil gjerne gje ros til ei frå eit anna parti. 🌹 Då Fabian Stang i går hevda at Jonas slo politisk mynt på 22. juli-terroren, var tidlegare Unge Høyre-leiar Sandra Bruflot ute og tok tydeleg avstand. Ikkje berre dét: Ho sa og at ho meinte at folk på høgresida hadde eit særleg ansvar for å ta tak i ekstremisme frå høgresida, på same måte som folk på venstresida må gjere det same om det veks fram farleg ekstremisme på vår side. Slik viser Bruflot korleis me kan koma vidare i dei vanskelege samtalane om ideologien bak terrorangrepet for ti...

Hadia Tajik
2021-07-21 10:12:17

Dei siste ti åra har PST sine åtvaringar mot høgreekstreme miljø blitt stadig tydelegare. Me veit og at sosiale medier ofte gjev meir plass til raseri og konspirasjonsteoriar, enn til fakta og veloverveid argumentasjon. Det er ei farleg utvikling. I går var eg på eit arrangement om ekstremisme på Utøya, ilag med mange andre. Same dag hadde nokon tagga på minnesmerket etter Benjamin Hermansen. Seinare, i ei anna samanheng, vart tre personar med mange våpen pågripne av politiet. Politiet meiner dei har tilknytning til eit høgreekstremt miljø. I morgen er det ti år sida ein mann med liknande tankegods angreip...

Hadia Tajik
2021-07-19 10:48:58

Finn ein feil 😅 Dette er meg på veg til jobb i dag, fyrste dag etter ferie. I godt driv på veg ned trappa med jobbveska over skulderen og søppel i handa, som eg skulle kaste på veg ut. Jaja, eg såg feilen i tide. Heldigvis har eg ikkje gløymt passordet på pc-en 😁

Hadia Tajik
2021-06-26 18:52:16

Kjærleiken er fri. Det bør menneska og få vere. God Pride. ❤️🧡💛💚💙💜

Hadia Tajik
2021-06-25 17:40:36

Latterkrampe og alvorleg videohelsing går ikkje… I alle fall ikkje på ein og same tid! God helg 😄☀️ (Ps. Det gjekk til slutt)

Hadia Tajik
2021-06-15 11:00:41

Takk, Rogaland! 🌟 Arbeiderpartiet går mest fram i fylket vårt på NRK sin nye supermåling. Me har plass til fleire på laget vårt. Så viss du vil: 🌹 Kutte maksprisen i barnehagen med nesten 3000 kr 🌹 Sørge for gratis kjernetid i SFO for 1. klassingane i heile landet 🌹 Doble fagforeningsfradraget og auke pendlerfradraget 🌹 Halvere fergeprisane ... og setje vanleg folk sine liv og lommebøker fyrst... Så vonar eg at du vil vurdere å stemme Arbeiderpartiet denne hausten.

Hadia Tajik
2021-06-14 15:50:00

Dette er respektlaust og uakseptabelt! Høgreregjeringa har svekka kommuneøkonomien og skapt eit sterkt press på å avgrense bruken av sosialhjelp. Samstundes innfører dei støtt nye usosiale kutt som rammer dei med minst frå før hardast. Arbeiderpartiet vil setje vanlege folk først – og stoppe regjeringa si sulteforing av kommunane og den usosiale kuttpolitikken deira.

Hadia Tajik
2021-06-11 09:37:42

Visste du at Høyre og Fremskrittspartiet vil kutte i pengar som er satt av til barn og unge som heng etter på skulen på grunn av pandemien? 🙋🏻‍♀️ Dei ville nemleg ikkje fortelje deg dette då dei la fram semja om revidert nasjonalbudsjett på søndag...

Hadia Tajik
2021-06-07 14:58:33

Alexandria Ocasio-Cortez kjem til Norge! 🤩 Neida. Eg berre ville ha merksemda di. Stavanger Aftenblad har ei konkurranse for toppkandidatane i Rogaland. Kven får flest likes på ei Facebook-oppdatering? Ved å like denne oppdateringa gjer du det mogleg for Arbeiderpartiet å vinne 🌹💪🏻 Lik og del?!

Hadia Tajik
2021-05-17 13:50:31

God 17. mai til store og små 👶🏻👩🏻👦🏻🇳🇴❤️

Hadia Tajik
2021-05-13 21:07:09

God Id til alle/ Eid Mubarak. Eid al-fitr vert feira med mykje mat og kos med familien, men det er óg ein høgtid for refleksjon og takksemd. Eit middagsbord med meir enn nok mat er grunn god nok til å vere takksam. Tak over hovudet og tryggleik er heller ingen selvfølge. Tankane går til alle som saknar nokon i dag. Me har ete ein crossover-middag med Lise Finckenhagen sin kalkun-oppskrift, og laga muhammara (paprikadipp) og baba ganoush (auberginedipp) ved sida av, med ris og salat. Til dessert er det pakistansk seviyan kheer no om litt. ❤️

Hadia Tajik
2021-05-01 07:36:11

Eg saknar folketog! Eg saknar at med «samles på valen». Istaden vert alt på digitalen på sjølvaste 1. mai-dagen. Denne dagen er viktigare enn på lenge: Arbeidsløysa er høg, koronaen gjer at mange er utrygge på korleis kvardagen vert framover, og dei økonomiske forskjellane mellom folk auker. No treng me politiske løysingar for vanlege folk, ikkje fleire skattekutt til milliardærane. Arbeiderpartiet vil: 🌹 Doble fagforeningsfradraget 🌹 Auke pendlerfradraget 🌹 Fjerne den generelle adgangen til midlertidige tilsettingar 🌹 Stramme inn på bruken av innleid arbeidskraft 🌹 Innføre ein garanti for lærlingar om at dei vil få læreplass 🌹 Sørge for at...

Hadia Tajik
2021-03-29 23:23:29

God påske 🥰🐣

Hadia Tajik
2020-11-25 16:56:55

Visste du at berre kvar 10. skatteytar betaler formuesskatt? 💵 Høgresida får det ofte til å høyrest ut som formuesskatten er retta mot vanlege folk og bedrifter. Men nei - det er ein personskatt, som berre dei med aller mest pengar betaler. Er det ikkje slik det skal vere - at dei med mest betaler mest? 🌺 Det meiner i alle fall Ap. Les meir her: https://www.tronderdebatt.no/kapplop-i-lavest-skattemoral/o/5-122-12910

Hadia Tajik
2020-11-25 10:01:35

Fleire har spurt korleis dei kan skaffe seg eit signert eksemplar av boka mi «Frihet» til jul. Ikkje minst no, når koronasituasjonen set så mange grenser. Bokhandelkjeden Ark har ordna det slik at du kan bestille ei bok frå denne lenka, og velje om du vil ha boka signert til ein spesifikk person. Denne ordninga gjeld frå og med i dag, og fram til og med søndag 29. november - for å vere sikker på at bøkene kjem fram i tide til jul. På måndag skal eg gå innom og signere bøkene, slik at dei kan sendast ut raskt.

Hadia Tajik
2020-11-13 11:42:01

Dette er krav Arbeiderpartiet vil stille: 🌹 Ingen oppsigelser når ein mottek krisestøtte 🌹 Ingen utbytter, aksjetilbakekjøp eller bonusutbetalingar til leiinga 🌹 Store verksemder må inngå avtaler med tillitsvalgte om å bevare jobbar gjennom pandemien Kva meiner du?

Hadia Tajik
2020-11-09 08:55:49

Her er Arbeiderpartiet sitt skatteopplegg for 2021-25: 🌹 Folk med vanlege og låge inntektar skal betale mindre i skatt 🌹 Folk med høge inntektar og store formuar skal betale meir i skatt 🌹 Bedriftar skal ha same skattesats som i dag 🌹 I tillegg: Ingen avgiftar skal opp utan at andre avgiftar eller inntektsskatt vert justert tilsvarande ned. I praksis inneber dette av omtrent 80 prosent av alle skattebetalerar i Norge får mindre i inntektsskatt med Ap. Mens dei 20 prosent rikaste må rekne med meir i skatt. Framlegget vårt gjev folk og bedriftar tryggleik for skatteopplegg i ei økonomisk...

Laster...
Laster...