Person / Aktør:
Hadia Tajik
Hadia Tajik
Parti: AP

Innlegg:
Dei siste ti åra har PST sine åtvaringar mot høgreekstreme miljø blitt stadig tydelegare. Me veit og at sosiale medier ofte gjev meir plass til raseri og konspirasjonsteoriar, enn til fakta og veloverveid argumentasjon. Det er ei farleg utvikling. I går var eg på eit arrangement om ekstremisme på Utøya, ilag med mange andre. Same dag hadde nokon tagga på minnesmerket etter Benjamin Hermansen. Seinare, i ei anna samanheng, vart tre personar med mange våpen pågripne av politiet. Politiet meiner dei har tilknytning til eit høgreekstremt miljø. I morgen er det ti år sida ein mann med liknande tankegods angreip regjeringskvartalet og Utøya. AUF og Utøya har sørga for at øya i dag har blitt ein viktig stad for demokratioppbygging og formidling av kunnskap om førebygging av ekstremisme. Dei har teke mykje ansvar for å verne samfunnet vårt mot hatet som drepte 77 personar for ti år sida. Viss me skal lukkast med å førebygge, treng me fleire med i kvardagsdiskusjonar om hatefulle og rasistiske ytringar. Både av hensyn til kva samfunn me skal vere i dag, og av hensyn til neste generasjon. Aldri teie. Aldri gløyme. ❤️✊🏻

Postet:
2021-07-21 10:12:17

Delt innhold: