Person / Aktør:
Hadia Tajik
Hadia Tajik
Parti: AP

Innlegg:
God Id til alle/ Eid Mubarak. Eid al-fitr vert feira med mykje mat og kos med familien, men det er óg ein høgtid for refleksjon og takksemd. Eit middagsbord med meir enn nok mat er grunn god nok til å vere takksam. Tak over hovudet og tryggleik er heller ingen selvfølge. Tankane går til alle som saknar nokon i dag. Me har ete ein crossover-middag med Lise Finckenhagen sin kalkun-oppskrift, og laga muhammara (paprikadipp) og baba ganoush (auberginedipp) ved sida av, med ris og salat. Til dessert er det pakistansk seviyan kheer no om litt. ❤️

Postet:
2021-05-13 21:07:09

Delt innhold:
Bilete frå innlegget til Hadia Tajik