Person / Aktør:
Hadia Tajik
Hadia Tajik
Parti: AP

Innlegg:
Eg vil gjerne gje ros til ei frå eit anna parti. 🌹 Då Fabian Stang i går hevda at Jonas slo politisk mynt på 22. juli-terroren, var tidlegare Unge Høyre-leiar Sandra Bruflot ute og tok tydeleg avstand. Ikkje berre dét: Ho sa og at ho meinte at folk på høgresida hadde eit særleg ansvar for å ta tak i ekstremisme frå høgresida, på same måte som folk på venstresida må gjere det same om det veks fram farleg ekstremisme på vår side. Slik viser Bruflot korleis me kan koma vidare i dei vanskelege samtalane om ideologien bak terrorangrepet for ti år sida, angrepet mot Al-Noor Moskeen i 2019 og drapet på 17 år gamle Johanne. Det er eg, og sikkert fleire, takksam for.

Postet:
2021-07-23 10:28:29

Delt innhold:
Stang bøyer av etter kritikk fra partikollega: – Sandra er klok
Eks-Oslo-ordfører Fabian Stang gikk hardt ut mot Jonas Gahr Støre etter Ap-lederens 22. juli-tale. Nå sier han seg enig med kritikken han fikk fra Høyre-partifellen Sandra Bruflot.