Beta
Søket ga 444 treff.
Hadia Tajik
2023-01-09 15:09:38

Ein liten pow-wow med kjekke folk før næringslivskonferansen Solamøtet i Rogaland ☺️\nSjølv deltok eg i eit panel om framtida for havvind. Då var det fint å trekke fram at regjeringa utover ambisjonane om 30 GW havvind innan 2040, og er i gang med å:\n🌹 Lyse ut areal knytta til Sørlige Nordsjø II og Utsira Nord\n🌹 Stille krav om lokale ringvirkningar\n🌹 Utvikle relevante støtteordningar\n🌹 Gjere forundersøkelsa og elles korte ned tida frå initiativ vert teke til havvindprosjektar er igang\n\nHa ein fin mandag!

Hadia Tajik
2022-12-31 23:24:35

Sola har snudd. Våren kjem. Takk for det gamla og nytt år 💫

Hadia Tajik
2022-12-31 12:42:04

Shabana Rehman er vår tids Gina Krog. Ho har vore ein pioner for likestillingsarbeidet i det moderne Norge, og bør få sin gravlegging dekka av staten.\n\nSaman med kollegaene mine frå Hordaland og Oslo, Lubna Jaffery og Kamzy Gunaratnam, skriv eg om kva Shabana har betydd for kampen mot negativ sosial kontroll i VG i dag. Lenke i kommentarfeltet. Håper du vil lese ✊🏻🌹

Hadia Tajik
2022-12-29 13:41:07

Det er med djup sorg at eg les at komikar, skribent og samfunnsdebattant Shabana Rehman har gått bort. Me var aldri nære. Tvert imot var eg ofte kritisk. Måtte ho provosere så mykje? Det har vore ein modningsprosess for meg å forstå kor høg pris ho må ha betalt for fridomen sin. Ho var ei av dei aller første med innvandrarbakgrunn som sat ord på kva negativ sosial kontroll og æreskultur gjer med folk. Ho gjorde rommet større for oss andre. \n\nVed årtusenskiftet var ho redaktør for ein nettstad som heitte Fundamental. Då gjekk eg på vidaregåande skule. Ho sa...

Hadia Tajik
2022-12-24 10:47:27

Tenk at eg fekk mannen min med på julepysjbilde 😅❤️ God jul til alle 🎅🏻🎄

Hadia Tajik
2022-12-22 21:42:32

Eg les at Erna Solbergs hevder at «Støre svikter de svakeste» i VG no.\n\nSolberg peiker då på ordninga med offentleg finansiering av private helsetilbud som Høyre-regjeringa innførte og kalte «fritt behandlingsvalg». Kven vil ha ufri val, liksom? 🤷🏻‍♀️\n\nMen kven er denne fridomen for?\n\nDet veit me ein del om, for ordninga vart evaluert i fjor:\n\nDer stod det at fridomen til å velje var meir tilgjengeleg for «pasienter med kapasitet til å manøvrere seg gjennom systemet». Dei skreiv i tillegg: «Dette støttes av at personer med høy sosioøkonomisk status i større grad velger seg til HELFO-godkjente institusjoner». Høg sosioøkonomisk status. Det er...

Hadia Tajik
2022-12-20 16:24:42

Å vere med i podkasten til Nettavisen er kanskje litt som gå inn i løvens hule? I alle fall vart eg intervjua av to programleiarar med klare meiningar om politikk. Gunnar Stavrum, Ole Eikeland og eg diskuterte mellom anna skatt, straum og olje. Håper du vil høyre på og lese artikkelen. Lenke finn du i kommentarfeltet 🌹

Hadia Tajik
2022-12-18 10:27:45

Tok ein tur ut i vinterkulda med TV2 for å snakke om politikk, året som har gått og året som kjem. I intervjuet snakker eg litt om at det er særleg tre politiske spor som etter mitt syn vil vere viktige for Arbeiderpartiet framover:\n🌹 Arbeid og verdiskaping\n🌹 Rettferdig fordeling\n🌹 Koblinga mellom kraft og klima\nKanskje du har lyst til å lese nettsaka deira? ☺️🎄 Lenke i kommentarfeltet.

Hadia Tajik
2022-12-01 21:42:02

Jammen var det eit hardt smell i asfalten då eg gjekk av, men det var likevel rett for meg å gjere det, slik Dagbladet skriv i dag. Eg ville ikkje stå i vegen for partiet mitt eller regjeringa sitt arbeid, og saken eg stod i tidlegare i år skygga for dét.\nI ettertid er eg glad for at Skatteetaten har slått fast at eg i deira kontrollperiode har opptrådt heilt i tråd med regelverket knytta til skattefri pendlarbustad, og at eg har hatt pendlarstatus heilt sida 2006. Du må gjerne lese artikkelen - lenke er i kommentarfeltet.\nLivet går vidare ☺️🌺

Hadia Tajik
2022-11-29 19:56:05

Har du høyrt om Den Magiske Fabrikken i Tønsberg? Dei gjer avfall om til grønne nytteprodukt, som biogass, og dei har eit supert læringssenter for barn og unge. 💚 I dag fekk eg kome innom lære litt av dei, før medlemsmøte om energipolitikk på Tønsberg rådhus.⚡️\nTakk til ordfører Anne Rygh Pedersen og stortingsrepresentant Linda Merkesdal for ein magisk dag 🤩

Hadia Tajik
2022-11-22 09:26:12

I ei tid der fattigdommen veks fram i landet vårt, vil Rogaland Arbeiderparti setje sosialpolitikken på dagsorden. I samband med landsmøtet neste vår foreslår me mellom anna å:\n🌹 Auke barnetrygden og gjere den meir målretta gjennom inntektsskatten\n🌹 Sikre at sosialhjelpa vert ein meir reell økonomisk naudhjelp\n\n

Hadia Tajik
2022-11-17 13:37:30

På Spotify ligg eit heilt nytt intervju der eg snakkar om livet, oppturar, nedturar, kjærleik og mørkret. Det er ein podkast laga av kvinnebladet Kamille. Ikkje så mykje politikk i samtalen der, men det er så mykje politikk sånn elles at det kanskje er greit? 🌹\n\n(Det er ikkje obligatorisk å høyre på. Og dei som berre vil skrive sure ting om det kan gå ein anna stad med kommentarane sine ☀️)

Hadia Tajik
2022-11-14 15:01:42

Har drøfta både kulturpolitikk 🎭 og landbrukspolitikk 🐮 i Rogaland i dag. Rakk òg eit raskt intervju på Solastranden i låg vintersol 🌤 God start på arbeidsveka ☺️

Hadia Tajik
2022-11-12 12:30:27

Starta dagen hjå Asker Ap med innleiing om energipolitikken og kraftmarkedet. Nytta høvet til å snakke om kvifor krafta vår ikkje er som alle andre «varer»:\n🌹 Krafta er folket sin eigedom\n🌹 Staten styrer tilbudssida gjennom konsesjonar\n🌹 Tilgang til fornybar kraft er avgjerande for å løyse klimakrisa\n\nHadde med meg ein liten energibunt i form av Sofia, det gjekk fint 🥰 Takk Asker Ap og til stortingsrepresentant Ragnhild Male Hartviksen for ein flott formiddag.\n\nGod laurdag!

Hadia Tajik
2022-11-11 20:03:59

Har i dag drøfta næringspolitikk med sjefen i Evoy, som produserer elektriske båtmotorar, og held til i Florø. Det er viktig for Arbeiderpartiet å legge til rette for fleire arbeidsplassar, særleg innafor fornybar industri- og teknologi. Evoy gav oss innspel til endra rammevilkår og støtteordningar.\n\nSjølv om det er dårlege målingar for Arbeidarpartiet er me mange som er motiverte for å gjere det som skal til for å snu kursen 🌹 Takk til stortingsrepresentant Torbjørn Vereide og ordførar Ola Teigen for ein fin dag.

Hadia Tajik
2022-11-01 19:16:11

I dag kjem det ut ei viktig bok av Jonas Bals og Helga Pedersen. Det er ei handbok i organisasjonsarbeid, kalt «Tillitsvalgt». Me må gjere det lett for fleire å ta på seg verv, vere med i organisasjonar og drive demokratisk debatt. Ikkje minst bør det vere eit mål for arbeiderrørsla å famne breiare, representere fleire og ha det høgt under taket. Det vonar eg boka vil bidra til.✊🏻🌹

Hadia Tajik
2022-10-28 20:23:38

Møtte folka på Rosenberg i Stavanger for å høyre kva utfordringar dei møter for tida, og kva næringsministaren og eg kan gjere for dei. Her jobba min far som industriarbeidar på 70-talet. Så då dei viste meg det manuelle sveisearbeidet i samband med oppgraderinga av skipet Jotun A, måtte eg smile - for eg kunne høyre far snakke om kor mykje presisjon og innsats eit slik arbeid krever 🥰 Avslutta dagen med gode partifeller på stand i Stavanger 🌹

Hadia Tajik
2022-10-25 10:15:01

Innstrammingane på bruk av innleid arbeidskraft gjev resultater allereie no! ✊🏻 Verksemder ser at dei må endre tilsettingsstrategi før lovendringane er endeleg vedtekne på Stortinget.

Hadia Tajik
2022-10-20 19:25:31

«Hvem står man overfor med lua i hånda i dag? Det er blant annet Nav, som lurer på om du egentlig er syk nok til å kvalifisere for ytelsen du har fått.»\n\nEg skriv om ein ny maktubalanse - relasjonen til staten, i Dagsavisen i dag. Vonar du vil lese. Lenke i kommentarfeltet.

Hadia Tajik
2022-10-06 18:43:08

Dette er ikkje ei oppdatering om sveler ☺️\nDet er ei oppdatering om at regjeringa i ei krevande tid har prioritert slik at me kan skape meir og fordele betre.\n\nI dag har eg vore i Rogaland med næringsminister Jan Christian Vestre for å fortelje om:\n🌹 600 mill kr meir til Nysnø som gjer investeringar i grønne industriar\n🌹 500 mill kr meir til å kutte klimautslepp via ENOVA\n🌹 900 mill kr meir til øyremerka grønne vekstlån gjennom Innovasjon Norge\n\nI tillegg til pengar til havbotnundersøkingar for meir havvindssatsing og nye geologiske kartleggingar for satsing på mineralnæringa.\n\nMe må skape for å dele, og dele...

Laster...
Laster...