Person / Aktør:
Hadia Tajik
Hadia Tajik
Parti: AP

Innlegg:
Det er med djup sorg at eg les at komikar, skribent og samfunnsdebattant Shabana Rehman har gått bort. Me var aldri nære. Tvert imot var eg ofte kritisk. Måtte ho provosere så mykje? Det har vore ein modningsprosess for meg å forstå kor høg pris ho må ha betalt for fridomen sin. Ho var ei av dei aller første med innvandrarbakgrunn som sat ord på kva negativ sosial kontroll og æreskultur gjer med folk. Ho gjorde rommet større for oss andre. \n\nVed årtusenskiftet var ho redaktør for ein nettstad som heitte Fundamental. Då gjekk eg på vidaregåande skule. Ho sa ja til å publisere tekstane mine på eit tidspunkt der få andre hadde gjort det same, og var interessert i at eg skulle skrive meir. Shabana trakk ikkje stigen opp etter seg, men ville gjere det mogleg for fleire å kome etter. No står det ein heil flokk med kraft til å bere disse debattane vidare. Men det er ikkje sikkert det ville skjedd om ikkje Shabana smalt opp døra først.\n\nTakk for alt du gjorde, Shabana, og kvil i fred 🕊

Postet:
2022-12-29 13:41:07