Person / Aktør:
Hadia Tajik
Hadia Tajik
Parti: AP

Innlegg:
Eg les at Erna Solbergs hevder at «Støre svikter de svakeste» i VG no.\n\nSolberg peiker då på ordninga med offentleg finansiering av private helsetilbud som Høyre-regjeringa innførte og kalte «fritt behandlingsvalg». Kven vil ha ufri val, liksom? 🤷🏻‍♀️\n\nMen kven er denne fridomen for?\n\nDet veit me ein del om, for ordninga vart evaluert i fjor:\n\nDer stod det at fridomen til å velje var meir tilgjengeleg for «pasienter med kapasitet til å manøvrere seg gjennom systemet». Dei skreiv i tillegg: «Dette støttes av at personer med høy sosioøkonomisk status i større grad velger seg til HELFO-godkjente institusjoner». Høg sosioøkonomisk status. Det er berre eit fint omgrep for «tjukk lommebok». Kva folk bruker pengane sine på ser eg ingen grunn til å moralisere over. Men kva det offentlege Norge bruker pengane sine på, dét er eit politisk val. Det er ingen grunn til å bruke fellesskapets pengar på å skape eit meir todelt helsevesen. Det er store nok oppgåver i samfunnet vårt som står uløyst. Me må bruke dei store pengane på dei store oppgåvene. ✊🏻🌹\n\nI tillegg veit me at bedriftane som er ein del av ordninga, kan velje fritt kva tilstand dei vil behandle. Men ingen av oss vel fritt kva sjukdom me får. Så denne fridommen Solberg snakkar om, den er ikkje for alle. Den er for dei få.\n\nHelseminister Ingvild Kjerkol og regjeringa har difor mi fulle støtte på å fjerne denne ordninga med offentleg finansiering av private helsetilbod. 🌹\n\n(Lenke til VG-sak og evalueringa i kommentarfeltet)

Postet:
2022-12-22 21:42:32

Delt innhold: