Beta
Søket ga 1100 treff.

H, Frp og V er ein farleg kombinasjon for norsk matproduksjon. Det er ikkje kua og biologiske kretsløp som har skapt klimaendringane. CO2-nivået i atmosfæra er høgt fordi me gjennom åra har fyrt opp for store mengder kol og olje. Ikkje fordi me har produsert mat. Og regjeringa skisserer to måter å nå målet sitt på: Enten «biffavgift» eller indirekte «biffavgift.» Det vil ramme norske distrikt, norske arbeidsplasser. Og om norske forbrukere ikkje er like flinke til å bytte ut kjøtt med gulrot, som det regjeringa vil, så vil det gje høgare globale utslepp.

KrF har bedt om å få lov å eie prosessen i eget parti. Det er mitt inntrykk at de fleste partier respekterer det. Høyre respekterer det ikke og kjøper reklame på Facebook for å påvirke. Lik ikke og del heller ikke😀

Bonden som søkte om produksjonstilskot nokre timer for seint og vart straffa med eit kutt på 200 000 kroner har gjort meg ganske opprørt. Det får då vera grenser for kor byråkratisk ein statsråd, sjølv frå FrP, kan vera. På det vedlagte spørsmålet fekk eg berre eit byråkratisk svar. AP og KrF har og pressa på i saka saman med Sp. I morgen har eg på ny invitert statsråd Hoksrud til Stortinget for å svara. No ser det ut som presset har verka og det kom signal om at Hoksrud er i ferd med å bøye av i saka. Mennesker...

Etter tidenes tørkesommer for norske bønder - velger landbruksministeren å starte sin budsjettproposisjonen slik:

I dag er statsbudsjettet lagt fram. Eg lar Nordea ta seg av vurderinga av budsjettet. Den viser at det er målgruppa til Høgre som vinn i år igjen. Erna kan slå fast at ho traff planken.

«Morgengave» Venstre fekk nedlegging av pelsdyrnæringa i morgengave. Dette bekrefter mistanken min om at det ikkje var med særleg tungt hjarte at Høgre og Frp ofra ei lønsam distriktsnæring i forhandlingane med Venstre. Resultatet er at verdiskaping og produksjon vert flytt ut av Norge. Meir dyrevelferd vert det ikkje. «Morgengave» Det er sterkt provoserande mot dei hundrevis av familiane som vert råka av dette vedtaket. Som opplevde at garden deira over natta sank millionar i verdi. «Morgengave» Det såkalte næringspartiet Høgre - svikter og svikter distriktene. Tre damer skratter og ler på bilete. Eg veit berre ein ting: Høgre har...

6 600 000 000 kroner! Så mykje er avgiftene auka i Noreg etter at Siv Jensen og Frp gjekk inn i regjeringskontora. Det er om lag 4 millioner kroner auke til dagen. Kvifor er dette ikkje bra? 1. Ekstreme løftebrot truer tilliten til politikken. 2. Avgiftene rammer sosialt skjevt. De er like for fattig og rik. I Norge skal vi yte etter evne. 3. Avgiftene rammer norske arbeidsplasser. På måndag kjem statsbudsjettet - da bør Siv Jensen ha framlegg om avgiftskutt. Mest kritisk er det å få reversert auken i sukkeravgifta. I tillegg til avgiftene kjem eit historisk høgt bompengenivå...

Hydros nedstenging av Alunorte-anlegget i Brasil er dramatisk og kan ramme aktivitet i Norge. Nå kommer næringsministeren til Stortinget for å orientere om saken.

I skuggen av høgtideleg opning og trontaledebatt har næringskomiteen handsama ei sak om at staten skal stille opp med 2,5 milliardar kroner slik at Kongsberg Gruppen kan kjøpe Rolls-Royce Marine. Det er ein samstemt komite som har gjort ferdig saka 6 dager etter at den kom til Stortinget. Kjekt å få vera komiteleiar og saksordførar for saker som trygger norske jobber og verdiskaping.

Innlegget mitt fra trontaledebatten: Fisk er ein fantastisk ressurs. Fisken har enorm verdi for Noreg. Fisket gjev oss inntekter. Fisket sikrar oss busetjing og levande lokalsamfunn langs heile kysten, og det gjev moglegheit til å driva vidareforedling langs kysten. Fisk er rett og slett eit viktig bidrag for å skapa arbeidsplassar i Noreg. Å forvalta desse ressursane krev at me som politikarar har eit æveperspektiv på politikken. Regjeringa har varsla at ho vil leggja fram fleire store saker på fiskerifeltet. Senterpartiet fryktar at regjeringa vil ta fiskeripolitikken i feil retning. Det vil vera eit historisk feiltrinn om ein legg til...

Podcast-familien har fått eit nytt medlem: «Stortingsgarasjen» podcast for deg som enten er interessert i politikk eller ikke får inn DAB. Til tross for Oslos dyreste studio, stortingsgarasjen, skal vi ordne bedre lyd. Min rådgiver Wenche Westberg Gunnarstorp og jeg satser på å levere ukentlig.

Trontaledebatt i to dager. Det er en debatt der representantene kan snakke om kva dei vil. Eg skal ha innlegg om fiskeripolitikk. Bilete viser parlamentarisk leiar Marit Arnstad som set skapet på plass.

Kjekt å sjå at auksjonen under Bjerkreimsmarken ga 12900 i kassen som skal gå til ein kjekk dag for dei eldre i bygda. 1. 2. 3. gong tipp topp!

Konstituering av det 163. Storting i dag. Ser fram til eit spanande år. No er det berre å gje gass for å få gjennom mest mogleg senterpartipolitikk.

Enkelte er veldig opptekne av «merkelapper» i politikken. Dei set merkelapper på seg sjølv og på andre. «borgarleg»? Kva i alle dagar betyr det? Ein som bur i borgen? Ein som tilhøyrer borgerklassen? Ei motsetnad til å vera bonde? Ein som liker partiet Høgre? Eg har aldri følt med korkje borgarleg eller ikkje-borgarleg. Det er eit omgrep som høyrer heime på historia si skraphaug etter mitt syn. «ikkje-sosialitisk»? Eg går ikkje rundt og kjenner på at Norge er delt på midten i ei sosialistisk og ei ikkje-sosialistisk fløy. Du skal vera nokså kreativ for å meine at det er ei...

Du har kanskje fått med deg saka om dei eldre i Sørum som ikkje lengre får mat laga av kokken på sjukeheimen - men ferdigmat som er frakta over 500 kilometer. Du har kanskje og fått med deg at NHO kvart år kårer norges beste kommunar i eit kommunebarometer. «Kommune NM» Visste du at ein kommune som kvitter seg med kokken på den kommunale sjukeheimen og i staden kjøper ferdigmat - automatisk vil gjera det betre i NHOs kommunekåring? Eit av målekriteria til NHO er: «Kommunens kjøp av tjenester fra private i prosent av brutto driftsutgifter» Litt sett på spissen...

Det viktigaste for Senterpartiet er sakene og politikken.

Ny bru til Eigerøy er eit særs viktig prosjekt for Egersund og for Dalane. Eg meiner difor at statsråden må framskunde prosjektet.

Kjøper du norske varer i butikken bidreg du til arbeidsplasser, verdiskaping og skatteinntekter i Norge. Summen av våre val i butikken kan bety tusenvis av arbeidsplasser!

For 15 måneder sidan gjorde Stortinget vedtak om å utgreie norske løns- og arbeidsvilkår på norsk sokkel og norske farvann. Regjeringa har framleis ikkje sett i gang arbeidet. Det er kritikkverdig. Næringsministaren lova det skulle gå fort. Det har det ikkje gjort. Når regjeringa skulle setja ned eit utval for å auka skattlegging av oppdrettsnæringa var det eit heilt anna tempo. Då greidde regjeringa å setja ned eit utval i løpet av nokre månader. (!)

Laster...
Laster...